Finsk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Finland
Satellittbilete

Finland sin geografi er forskjellig samanlikna med dei andre nordiske landa. Finland ligg mellom Sverige og Russland, og havområda Austersjøen, Bottenvika, Bottenhavet og Finskebukta. Ein kan sjå på Finland som det nordlegaste landet i Europa. Sjølv om andre land har område som strekkjer seg lenger nord, er praktisk talt heile Finland nord for 60 grader nord, og om lag ein fjerdedel av arealet og den nordlegaste tredjedelen av landet ligg nord for Polarsirkelen.

Geografiske koordinatar: 64°0′N 26°0′E

Storleik, grenser og geologi[endre | endre wikiteksten]

Finland dekkjer eit areal på 338 145 km², der 304 623 km² er landområde og 33 522 km² er innsjøar. Finland har ei 586 km lang grense mot Sverige i vest, 729 km mot Noreg i nord, og 1 313 km mot Russland i aust. I tillegg har Finland ei maritim grense mot Estland. Finland har ei kystlinje på om lag 1 126 km med mange viker og bukter. Utanfor kysten ligg det svært mange øyar.

Isbreane under den siste istida har vore den dominerande faktoren som har forma geografien i Finland. Då isbreane trekte seg tilbake for om lag 10 000 år sidan etterlet dei morener, drumlinar og rullesteinåsar. Andre spor etter isbreane er dei mange tusen innsjøane dei var med å forme i den sørlege delen av landet. Krafta frå isbreane grov ut botn av innsjøane og smeltevatnet fylte dei. Sidan isbreane strekte seg sørover, og seinare trekte seg tilbake mot nord, er mange av innsjøane avlange med retning frå nordaust til sørvest. Dei to Salpausselkäryggane, som går parallelt med kvarande om lag 25 km frå kvarandre, er randmorener. På det høgaste strekkjer dei seg 200 meter over havet, det høgaste punktet i Sør-Finland.

Geografiske område[endre | endre wikiteksten]

Mange land i verda kan delast inn i åtskilde geografiske område, der visse fysiske trekk ofte dominerer stort over dei andre. I Finland er dei same fysiske trekka vanleg i alle dei fire geografiske områda som landet er delt inn i. Dei regionale skilnadane i Finland er derfor kombinasjonane av dei fysiske eigenskapane. På øyane utanfor Finland er stein og vatn dominerande. Kystområda i Finland består av store leirsletter der jordbruk spelar ei viktig rolle. Dei indre innsjøområda er dekte av store skogar, medan dei nordlege områda av landet er dekte av arktisk kratt.

Finland har tusenvis av øyar og skjer, som strekkjer seg frå sørvestkysten og ut i Austersjøen. Her ligg mellom anna dei strategisk viktige øyane i Åland ved inngangen til Bottenhavet. Etter den første verdskrigen la både Sverige og Finland krav på øyane, som kulturelt var meir svensk enn finsk. Av strategiske årsaker valde derimot Folkeforbundet å gje Åland til Finland i 1921. Den viktigaste årsaka for denne avgjersla var at øyane om vinteren er fysisk forbunde med Finland via det islagde havet, og at øyane derfor er svært viktig for forsvaret i landet. Desse skogdekte og berre steinøyane er danna av landhevinga etter den siste istida, og held framleis fram med å stige opp av havet.

Resten av landet held òg fram med å stige opp av havet. Vekta av dei massive isbreane trykte landet nedover, og sjølv i dag, fleire tusen år sidan dei trekte seg tilbake, hevar Finland seg. I sør og sørvest går denne prosessen seint, om lag 25-30 cm kvart hundreår. Lenger nord i Österbotten-området, skjer landhevinga raskare, om lag 80-90 cm kvart hundreår. Dette betyr òg at Finland veks med om lag sju kvadratkilometer i året på grunn av landhevinga.

Kystområda i Finland består av breie leirsletter som strekkjer seg opp til 100 km innover i landet. Desse slettene heller sørover frå Salpausselkäryggane i Sør-Finland. Langs kysten av Bottenhavet og Bottenvika heller slettene sørvestover frå dei høgareliggande områda. Dette området vert nytta til jordbruk og meieridrift.

Det indre innsjøområdet er det største geografiske området i landet, og kanskje det flest utlendingar knyter til Finland. Området er avgrensa i sør av Salpausselkäryggane. Bak desse ryggane strekkjer det seg eit nettverk av innsjøar med skogkledde åsar innimellom. Dette landskapet held fram austover og strekkjer seg inn i Russland. Det er derfor ingen naturlege grenser mellom desse to landa. Sidan det ikkje finst ein definisjon på kva ein innsjø er, og heller ingen prosedyre på korleis ein skal telje innsjøar, har det ikkje vore mogeleg å fastslå kor mange innsjøar det er i området. Det er i alle fall minst 55 000 innsjøar som er breiare enn 200 meter. Den største er Saimaa, som med eit areal på 4 400 kvadratkilometer er den femte største innsjøen i Europa. Den djupaste innsjøen har eit djup på berre 100 meter, medan det gjennomsnittlege djupet til ein finsk innsjø er 7 meter. Sidan desse innsjøane er grunne inneheld dei berre litt meir vatn enn dei årlege nedbørsmengdene i Finland. Det åslendte skoglandskapet er dominert av drumlinar og lange bølgjete rullesteinsåsar, begge skapt av isbreane.

Det finske høglandet strekkjer seg forbi Polarsirkelen. Den nordlegaste delen av dette området vert kalla Lappland. Dei høgaste områda i Finland strekkjer seg over 1 000 meter, og er å finne i Kilpisjärvi-området i Dei skandinaviske fjella. I sør består dei høgareliggande områda av bølgjete åsar, medan ein finn meir kupert terreng i nord. Det meste av det finske høglandet er ikkje fjellkledd, men består av myrområde.

Dei lengste elvane i Finland finn ein i nord. Kemijoki har det største nettverket av sideelvar. Lenger sør ligg Ule elv. Dei fleste elvane munnar ut i Bottenvika og Bottenhavet, men fleire elvar i nord og nordaust renn nordover gjennom Noreg og Russland til Barentshavet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Med alle sine innsjøar har Finland nesten eit maritimt klima, men dei store luftmassane frå nabolandet Russland i aust er aldri langt borte. Både dei høge breiddegradene og Atlanterhavet gjer at det aldri vert særleg varmt om sommaren, og temperaturen går sjeldan over 26 °C. Temperaturskilnadane mellom nord og sør er forholdsvis små, og varmerekorden i Lappland er like høg som i Helsingfors. Det går gjerne to-tre dagar mellom kvar regnbyge i snitt, og i sommarmånadane er ikkje torevêr uvanleg, men ein har òg mykje sol. Om hausten tar nedbøren seg litt opp, men hausten varer ikkje særleg lenge, og regnet går raskt over til snø, spesielt i nord. Frå januar av klarar den kalde Sibirlufta å halde Atlanterhavslufta borte, og Bottenvika og sjøane i Finland frys til. Sjølv sørvestlege kystområde av Finland, som midtvinters ligg nærast ope hav, har om lag dei same temperaturforholda som Moskva om vinteren. Det snør ofte gjennom vintermånadane, men snøen er som regel lett, medan temperaturane sjeldan kjem over frysepunktet. Kaldast er det i nord, og det snør lettare her. Snødekket er derimot djupare på grunn av mindre tining og lengre snøsesong. Lappland er det kaldaste området, sjølv om dei fleste stader i Finland har vore under -30 °C. Våren er den tørraste tida på året, med ein god del sol. Snøen smeltar frå nord til sør i løpet av april og mai, og temperaturen byrjar å bli så pass høg at ein ikkje treng tjukke klede for å nyte sola utandørs. Finland har større sjans for tåke enn nabolanda, særleg langs kysten, og i enkelte byar er det tåke opp til åtte dagar i månaden. Om våren er det derimot færre tåkedagar. Helsingfors har ein årleg nedbørsnormal på 688 mm.

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
total: 337 030 km²
land: 305 470 km²
vatn: 31 560 km²

Landegrenser:
total: 2 628 km
grenseland: Noreg 729 km, Sverige 586 km, Russland 1 313 km

Kystlinje: 1 126 km (utanom øyar og viker)

Maritime krav:
tilstøytande sone: 6 nautiske mil (11 km)
kontinentalsokkel: 200 m djup eller til djup som kan utnyttast
fiskesone: 12 nautiske mil (22 km)
territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km), 3 nautiske mil (6 km) i Finskebukta

Geografiske ytterpunkt:
lågaste punkt: Austersjøen 0 m
høgaste punkt: Halti 1 328 m

Naturessursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: Tømmer, kopar, sink, jernmalm, sølv

Arealbruk:
jordbruksland: 8 %
permanente avlingar: 0 %
permanente jorde: 0 %
skogområde: 76 %
andre: 16% (1993 est.)

Irrigert land: 640 km² (1993 est.)

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Naturfarar: Kuldebølgjer om vinteren kan vere farleg om ein ikkje er førebudd.

Miljøproblem: Luftforureining frå fabrikkar og kraftverk medverkar til sur nedbør. Vassforureining frå industrielt avfall og brukskjemikaliar. Urbanisering trugar dyreliv.

Miljøvernsavtalar
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, Miljøvernsavtalar for Antarktisk, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljømodifisering, miljøfarleg avfall, sjørett, marin dumping, bevaring av marint liv, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, tropisk tømmer, våtmarksområde, kvalfangst.
signert, men ikkje stadfesta: Luftforureining ved persistente organiske stoff, Kyoto-avtalen.

Geografisk merknad: Helsingfors er den nordlegaste hovudstaden på det europeiske kontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]