Finsk lapphund


Finsk lapphund (FCI #189) er ein mellomstor spisshundrase som kjem frå Finland og har lange tradisjonar som reingjetande vaktarhund. På finsk heiter han suomenlapinkoira.
Opphav og alder
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg fanst det to variantar av denne hunden: ein korthåra og ein langhåra. Lapsk vallhund blei anerkjend som eigen rase i Finland i 1966, samtidig som ein forstod at variantane var så vidt ulike at ein allereie i 1970 bestemde seg for å dela rasen. Dette gav opphavet til finsk lapphund, som altså har lengre pels og elles skil seg på nokre andre punkt.
Finsk lapphund har lange samiske tradisjonar som reingjetande vaktarhund, men hundane vaktar også reinflokken mot ulv, jerv og bjørn. Typen er truleg svært gammal, men kor gamle dagens hundar kan hevdast å vera veit ein ikkje nok om nett no. Det har vore antyda at finsk lapphund kan vera ein direkte etterkommar av den opphavlege lapphunden. Dette manglar likevel dokumentasjon. Ifølgje den finske kennelklubben var finsk lapphund den femte mest populære rasen i Finland i 2008.
Utsjånad, anatomi og fysikk
[endre | endre wikiteksten]Finsk lapphund er ein middels stor og noko rektangulær spisshund, med kraftig beinstamme og muskulatur. Han har sterk rett rygg og djupt bryst, og svakt opptrekt buklinje. Hovudet er relativt kort og kileforma, med tydeleg markert stopp, strame lepper og breitt tilsette mørke auge som gjev han eit livleg uttrykk. Han har relativt korte spisse ståande øyre, som lutar litt framover og er breitt tilsette. Halen blir boren ringla over ryggen, men fell ofte ned når hunden står roleg.
Pelsen er relativt lang, rett, litt grov og står litt ut frå kroppen. Denne hunden skal ha såkalla bukser på bakbeina. Han skal vera funksjonell for arktisk klima. Pelsen har mjuk og tett underull. Alle fargar er tillatne, men grunnfargen skal dominera.
Hannane blir ca. 46–52 cm i skulderhøgd og veg gjerne rundt 18–20 kg. Tispene blir ca. 41–47 cm i skulderhøgd og veg gjerne 3–5 kg mindre.
Bruksområde
[endre | endre wikiteksten]Finsk lapphund er ein utprega brukshund, som eignar seg ypparleg som gjetarhund i utmark, gardshund. Han har stor arbeidskapasitet og toler godt nordiske klimaforhold. Rasen er også ein god familiehund, og kan nyttast i ei rekkje former for hundesport
Lynne og veremåte
[endre | endre wikiteksten]Finsk lapphund er ein energisk og modig hund, men også roleg, avbalansert og triveleg. Han er veldig sosial og glad i menneske. Hunden treng mykje mosjon og aktivisering, og trivst best når han kan vera mykje ute, der han kan få utløp for energien sin. Rasen er svært lærenæm og aktiv. Han er snill i høve til barn og dyr.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Finsk lapphund er ein sunn rase. Til å vera såpass langhåra treng han forholdsvis lite pelsstell. Om sommaren er det svært viktig at han har tilgang til skugge og kaldt vatn; det kan bli svært varmt for ein hund som trivst best i snø og kulde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Finsk lapphund» frå Wikipedia på bokmål, den 7. februar 2025.