Effoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Finska Ångfartygs Ab)
Effoa

Skipa1883
HovudkontorHelsingfors
LandFinland
«Titania», eit FÅA-skip som segla Helsinki/Hanko – København – Hull tidleg på 1900-talet.[1]

Finska Ångfartygs Aktiebolag (forkorta FÅA, finsk Suomen Höyrylaiva Osakeyhtiö, forkorta SHO) var eit finsk reiarlag skipa i 1883 av kaptein Lars Krogius.[2] På både finsk og svensk vert selskapet vanlegvis berre kalla FÅA. I 1976 endra føretaket namn til Effoa, ei fonetisk staving av forkortinga FÅA.

Reiarlaget var med å skipe konsortiet Silja Line.[3] I 1975 skipa FÅA Finncarriers i lag med Finnlines som eit felles frakteselskap. Samstundes gav FÅA opp passasjertrafikken mellom Finland og Tyskland, og skipa som vart brukte i ruta vart selde til Finnlines. I 1980-åra vart både Finncarriers og Finnlines dotterselskap av Effoa. I 1989 valde Effoa å gje opp frakterutene sine og partane av Finnlines vart overførte til eigarane av Effoa.[4] Effoa stoppa verksemda som eit sjølvstendig føretak i 1990 då frakteoperasjoane vart spalta ut til å skipe eit sjølvstendig Finnlines, medan passasjerdrifta vart slått saman med Johnson Line (den andre partnaren i Silja Line på den tida) for å skipe EffJohn.

I 1945 var FÅA det første reiarlaget etter andre verdskrigen som starta opp att passasjertrafikk mellom Helsinki og Stockholm, med hjelp av DS «Wellamo». Same skipet var òg det første som byrja passasjertrafikk mellom Helsinki og Tallinn etter andre verdskrigen i 1965.[5]

Skip[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Finland Steamship Company's Emigrant Ships at genealogia.fi, henta 27. desember 2020
  2. Finland Steamship Company Ltd. at TheShipsList Arkivert 2006-11-27 ved Wayback Machine., henta 27. desember 2020
  3. Silja Line official website "History" saved at archive.org Feb 07, 2007, henta 27. desember 2020
  4. Finnlines' 55 Years Arkivert 2007-07-10 ved Wayback Machine., henta 27. desember 2020
  5. «Fakta om Fartyg, S/S Wellamo (1927)». Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 27. desember 2020. , henta 27. desember 2020
  6. Wilson, RM (1956). The Big Ships. London: Cassell & Co. s. 220, 221.