Finskebukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Finska viken)
Finska viken 1730.

Finskebukta (fi. Suomenlahti, sv. Finska viken, est. Soome laht, russ. Финский залив) er den austlegaste delen av Austersjøen, og ligg mellom Finland og Estland. Den austlege strandlina høyrer til Russland. Russland sine viktigaste oljehamner ligg i Finskebukta, rundt St. Petersburg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Finskabukta er 29 500 km², ho er 428 km lang og 120 km brei. Omtrent 5 % av Austersjøen si vassmengd er i Finskebukta. Dei største byane rundt Finskebukta er Helsingfors, St. Petersburg og Tallinn.

Finskebukta er islagd om vinteren, tidlegare var det ikkje uvanleg at folk gjekk over mellom Finland og Estland.

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Næringsrikdomen i Finskebukta fører til miljøproblem.