Fiolinsonatar, KV 26-31 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Seks sonatar for klaver og fiolin av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 26-31, vart komponerte tidleg i 1766 i Haag under danningsreisa til familien Mozart i Europa. Dei vart dediserte til prinsesse Caroline av Nassau-Weilburg i høve 18-årsdagen til bror hennar, prinsen av Oranien.[1] Dei vart publiserte som Mozarts «Opus 4».

Desse verka syner ein framgang i komposisjonsteknikk i forhold til setta frå Paris (KV 6-9) og London (KV 10-15),[1] sjølv om dei hovudsakleg vert dominerte av klaver og fiolinen kan reknast som valfri.

Mozart komponerte alle tre setta medan han reiste i Nordvest-Europa. Desse sonateformene vart ikkje føretrekte i heimebyen Salzburg.[1] Mozart gjekk ikkje attende til denne sjangeren før 1777-78 på ei reise til Mannheim og Paris.

Sonate i Ess, K. 26[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro molto
  2. Adagio poco andante
  3. Rondeaux (Allegro)

Sonate i G, K. 27[endre | endre wikiteksten]

  1. Andante poco adagio
  2. Allegro

Sonate i C, K. 28[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro maestoso
  2. Allegro grazioso

Sonate i D, K. 29[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro molto
  2. Menuetto and Trio

Sonate i F, K. 30[endre | endre wikiteksten]

  1. Adagio
  2. Rondeaux (Tempo di Menuetto)

Sonate i B, K. 31[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro
  2. Tempo di Menuetto (Moderato)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sadie, Stanley. Mozart: The Early Years, 1756–1781, p. 94-108, New York: W.W. Norton & Co. (2006) ISBN 0-393-06112-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]