Fiolinsonatar, KV 6-9 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei fire første sonatane for klaver og fiolin av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 6-9, er av dei tidlegaste verka hans. Dei vart komponerte av ein ung Mozart mellom 1762 og 1764. Dette var første verka til Mozart med fiolin, dei første verka for meir enn eit enkelt instrument, dei første verka i meir enn ein sats og dei første verka hans i sonateform. Før dette hadde alle vekra hans vore korte solostykke for cembalo.

Mozart var mellom seks og åtte år då han komponerte desse verka, og mange trur derfor at dei vart skrivne ned for guten av faren hans, Leopold sidan alle desse fire sonatane er bevarte i handskrifta til Leopold.

Alle av dei tidlege fiolinsonatane til Mozart er i røynda klaversonatar akkompagnert av fiolin, noko ein ser av den originale tittelen på dei fire sonatane K. 6-9: Sonates pour le clavecin qui peuvent se jouer avec l'accompagnement de violon (Sonatar for klaver, som kan spelast med fiolinakkompagnement). Det er derfor fullt mogeleg å spele desse på klaver aleine.

Mozart kan ha vore påverka av den tyske klaverspelaren og komponisten Johann Schobert, som budde og arbeidde i Paris då familien Mozart kom dit i november 1763.

Sonate i C for klaver og fiolin, K. 6[endre | endre wikiteksten]

Den nøyaktige datoen og staden for komposisjonen er omstridd. Somme meiner at han vart skriven i Salzburg, heimstaden til guten, i 1762 eller 1763; andre meiner at han vart skriven i Paris i 1763 eller 1764, første gongen Mozart vitja byen. Han vart publisert i Paris i februar 1764, i lag med ein annan fiolinsonate, K. 7, som Mozarts «Opus 1».

K6 has 4 satsar, den tredje er to menuettar:

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Menuett I & II
  4. Allegro molto

Sonate i D for klaver og fiolin, K. 7[endre | endre wikiteksten]

Dette verket vart publisert under danningsreisa til familien Mozart i Paris i januar 1764. I lag med sonaten K. 6, publiserte fart til Mozart, Leopold, dei som Mozarts «Opus 1» og dediserte dei til prinsesse Victoire av Frankrike. Eit sett seinare sonatar, i 1777-8, vart òg publiserte som Opus 1.[1]

Denne sonaten er i D-dur og i tre satsar:

  1. Allegro molto
  2. Adagio
  3. Menuett I and II

Sonate i B for klaver og fiolin, K. 8[endre | endre wikiteksten]

Komponert seint i 1763 og publisert i 1764 i Paris som Op. 2, nr. 1. Ein versjon for soloklaver av første satsen finst i Nannerl Notenbuch som «Allegro i B».

  1. Allegro
  2. Andante grazioso
  3. Menuett I og II

Sonatea i G for klaver og fiolin, K. 9[endre | endre wikiteksten]

Komponert og publisert i 1764 i Paris som Op. 2, nr. 2.

  1. Allegro spiritoso
  2. Andante
  3. Menuett I og II

Mozart nytta ein melodi frå menuetten i den langsame satsen i den ukategoriserte symfoni i D, K. 95/73n.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einstein, Alfred (1962). Mozart, His Character, His Work (Fifth utg.). Oxford University Press. s. 110. ISBN 9780195007329. 
  2. Heartz, Daniel, Haydn, Mozart, and the Viennese School, 1740-1780, p. 501, Norton (1995) ISBN 978-0393037128

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]