ACF Fiorentina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fiorentina)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiorentina
ACF Fiorentina.svg
Fullt namnACF Fiorentina SpA
KallenamnLa Viola «Lilla»
I Viola «Dei lilla»
Il Gigliati «Liljane»
Grunnlagd29. august 1926 (som Associazione Calcio Fiorentina)
1. august 2002 (som AC Fiorentina e Fiorentina Viola
HeimebaneStadio Artemio Franchi
(kapasitet: 47,006[1])
HovudtrenarVincenzo Montella
LigaSerie A
2020/2114. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

ACF Fiorentina er ein fotballklubb frå Firenze i Italia. Klubben vart danna som Florentia Viola i 2002, etter at forgjengaren AC Fiorentina gjekk konkurs same året. ACF Fiorentina fekk sitt noverande namn i 2003 og reknar klubbhistoria tilbake til 1926, då AC Fiorentina vart stifta gjennom ei samanslåing av to lokale fotballag. Klubben er vide kjend for sine klubbfargar med lilla trøyer og bukser.

Fiorentina vann Cupvinnarcupen i 1961, og tapte finalen i same turneringa året etter. Klubben nådde i 1957 finalen i Europacupen, der det vart tap for Real Madrid, Europas beste fotballag i siste halvdel av 1950-åra. I 1990 tapte Fiorentina finalespelet i UEFA-cupen, borte-/heimekamp, med 1-3 for Juventus. Fiorentina har vunne to seriemeisterskap i Italia, fyrst i 1956 og så på ny i 1969. Seks gongar har klubben gått til topps i den italienske cupen; Coppa Italia.

Sidan 1931 har Fiorentina spela på Stadio Artemio Franchi, eit stadion med plass til 47 282 tilskodarar.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

22. september 2021[2][3] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Italia K Pietro Terracciano
2 Flagget til Argentina F Lucas Martinez Quarta
3 Flagget til Italia F Cristiano Biraghi
4 Flagget til Serbia F Nikola Milenković
5 Flagget til Italia MB Giacomo Bonaventura
8 Flagget til Ghana MB Alfred Duncan (på lån frå Sassuolo)
8 Flagget til Italia MB Riccardo Saponara
9 Flagget til Serbia A Dušan Vlahović
10 Flagget til Italia MB Gaetano Castrovilli
14 Flagget til Italia MB Yussef Maleh
18 Flagget til Uruguay MB Lucas Torreira (på lån frå Arsenal)
21 Flagget til Italia K Antonio Rosati
22 Flagget til Argentina A Nicolas Gonzalez
Nr. Posisjon Spelar
23 Flagget til Italia F Lorenzo Venuti
24 Flagget til Italia MB Marco Benassi
29 Flagget til Spania F Álvaro Odriozola (på lån frå Real Madrid)
33 Flagget til Italia A Riccardo Sottil
34 Flagget til Marokko MB Sofyan Amrabat
55 Flagget til Serbia F Matija Nastasic
69 Flagget til Polen K Bartlomiej Dragowski
77 Flagget til Spania A Josè Marìa Callejón
78 Flagget til Chile MB Erick Pulgar
91 Flagget til Serbia F Aleksa Terzic
91 Flagget til Russland A Aleksandr Kokorin
98 Flagget til Brasil F Igor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]