Fiqh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fiqh (arabisk skrift فقه, ‘kunnskap, fornuft’[1]) er ein islamsk rettsvitskap som blei utvikla på 700- og 800-talet. Han blir praktisert i fire ulike rettsskular innan sunniislam: Hanafi, Maliki, Shafi'i og Hanbali. Innan sjiaislam finst det to rettsskular: Usuli og Akhbari. Ein person som er utdanna innan fiqh blir kalla faqih.[2]

Sjaria er «stien Allah har peikt ut for menneske». Han inneheld normer og reglar som kan rettleia menneske inn på denne stien. Det er dermed eit lovverk med påbod som reflekterer desse normene og reglene. Sjaria byggjerseg på Koranen og hadith. Likevel finst det spørsmål som ikkje har direkte svar i sjaria. Då må ein bruka andre prinsipp for å koma fram til rettleiing. I fiqh nyttar ein derfor to prinsipp i tillegg til Koranen og hadith: Muslimar vil tolka detta ulikt avhengig av blant anna fortolkingstradisjon, kva lovskule dei tilhøyrer og anna.[3]

Qiyas vil seia at ein trekkjer slutningar ut frå det i Koranen og hadith som liknar mest på den problemstillinga som skal vurderast. Til dømes omtalar ikkje sjaria bruk av kokain. Då vil ein ta utgangspunkt i forbodet mot alkohol. Sidan alkohol og kokain har liknande effektar på eit menneske, kan ein resonnera seg fram til eit forbod mot bruk av kokain ved hjelp av dette prinsippet.

Ijma vil seia semje blant dei rettslærde. Ifølgje Hadith uttalte Muhammed at «mitt fellesskap vil aldri blir einige om eit mistak». På denne bakgrunnen kan ein sjå på avgjerder som dei muslimske rettslærde er samde om, som ein del av fiqh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fiqh» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Glasse, Cyril (2001): The New Encyclopedia of Islam, Altamira, s. 141
  3. Rian & Eidhamar (1995): Jødedom og Islam. Høyskoleforlaget, 2.utg. s. 173