Firda Folkeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Nordre Bergenhus Folkeblad. (Sjå eventuelt diskusjon)

Firda Folkeblad kom ut i åra mellom 1906 og 1992. Avisa vart fyrst utgjeve i Askvoll i Sogn og Fjordane fylke, under namnet Firda Folkeblad. Året etter skipinga vart avisas namn endre til Nordre Bergenhus Folkeblad. Frå 1909 vart avisa utgjeve i Florø. Avisa fekk att sitt opphavlege namn sommaren 1919. Avisa var ei Venstre-avis, som etter kvart vart redigert på nynorsk.

Siste utgåve av Firda Folkeblad kom ut fredag 21. august 1992.

Firda Folkeblad hadde fylgjande redaktørar:

  • Ola Hestebeit
  • Anders Lothe
  • David Gjerme
  • Daniel Liset
  • Agnar Skreidsvoll
  • Ludvik Botnen
  • Alf Folkestad
  • Nils Kåre Vedvik
  • Jan Andrew Nilsen
  • Olav Hatlemark
  • Else Gro Ommundsen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]