Firda vidaregåande skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Firda vidaregåande skule er ein vidaregåande skuleSandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Skulen vart stifta i 1922 som Firda Gymnas. Hovudbygget er frå 1924.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Skulen ligg i like ved Sandane sentrum, med Nordfjord Folkemuseum som næraste naboen. Gloppen folkebibliotek er samlokalisert med skulen og gjev lett tilgjenge på aktuelt lærestoff, og skulen sin datarom er opne òg på kveldstid til bruk for elevane. Ein forholdsvis stor del av elevmassen er hybelbuarar og skulen har difor utvikla eit stort tilbod av aktivitetar for elevane i fritida.

Skulen har gode tilhøve for idrettsfag, med tilgjenge til Firdahallen (med handballhall, symjehall og styrketreningsrom), ein grusbane for fotball, og Sandane stadion, eit kombinert fotball- og friidrettsstadion. I tillegg nyttar skulen den allsidige naturen i Gloppen kommune, fjord, skog og fjell.

Forfattaren av biografien om Jakob Sande, lektor Ove Eide er lærar og «utviklingsleiar» på skulen.

Historia til skulen[endre | endre wikiteksten]

Skulen vart starta i 1922 etter initiativ frå Gloppen kommune, Firda Mållag og ungdomslaga Firda Ungdomslag og Sunnfjord ungdomslag. Elias Rysdal vart skulen rektor dei første åra. I 1924 kom skulen sin hovudbygg til. Bygd vart teikna av arkitekt Per Sande og var arkitektonisk inspirert av Eidsvollsbygningen, med strenge krav til symmetri i utforminga av fasade. Hovudbygget er enno i bruk ved skulen. Seinare er skulen utbygget fleire gonger, men blant anna ein større aula som òg blir jamleg nytta til arrangement for innbyggjarane til kommunen. Biblioteka til skulen er òg folkebibliotek, og ligg i kjellaren av det som i dag er administrasjonsbygningen.

I 1927 vart Kaare Fostervoll tilsett som rektor. Berre 36 år gammal var han då den yngste rektoren til landet. Han vart seinare statsråd og kringkastningssjef.

Staten tok over skulen i 1946, og Firda Gymnas vart eit såkalla landsgymnas, og frå 1948 òg ein statsrealskole. Firda Gymnas fekk ein periode med høy tilsøkning frå heile landet.

I 2008 vart det gjennomført ei omfattande utviding gjennom prosjektet Trivselshagen. Òg kommunen sin idrettshall, Firdahallen skal utvidast og blir oppgradert. Det blir eit idrettsanlegg som vil heve kvaliteten på skulen sin idrettstilbud ytterlegare.

Utdanningsprogram[endre | endre wikiteksten]


Rektorar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare elevar ved Firda vidaregåande skule (alumni)[endre | endre wikiteksten]

Tone Damli Aaberge, tidlegare elev ved Firda vgs

Ei rekkje artistar, idrettsutøvarar og kjende personlegdomar har gått på skulen. Blant desse er òg ein del musikkband. Banda Fabel vart etablert som To levande og ein daud medan medlemmane gjekk på Firda vidaregåande skule og musikklinja der.

Idrettsprofilar[endre | endre wikiteksten]

 

Andre profilar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]