Fire on the Mountain av The Marshall Tucker Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fire on the Mountain
Singel av The Marshall Tucker Band
frå albumet Searchin' for a Rainbow
B-side «Bob Away My Blues»
Utgjeve 1975
Innspelt 1975
Sjanger Countryrock, softrock
Lengd 3:53
Selskap Capricorn
Låtskrivar(ar) George McCorkle
Produsent Paul Hornsby
The Marshall Tucker Band-kronologi
«This Ol' Cowboy»
(1975)
Fire on the Mountain «Searchin' for a Rainbow»
(1976)


«Fire on the Mountain» er ein song skriven av George McCorkle frå The Marshall Tucker Band. Songen vart opphavleg spelt av bandet i 1975 på albumet deira, Searchin' for a Rainbow, og gjeven ut som den første singelen frå albumet. Han nådde 38. plassen på Billboard Hot 100.[1]

«Fire on the Mountain» vart skriven av McCorkle med håp om at venen hans Charlie Daniels skulle spele han inn for albumet hans med same namn. Då Daniels avslo å bruke songen, spelte McCorkle inn songen med bandet sitt, The Marshall Tucker Band, i staden med Daniels som gjesteartist på fele. Det vart den første topp 40-hitten deira.[2]

Songteksten er sett til gullrushet i California.[3]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
US Billboard Hot 100[4] 38
Canadian RPM Top Singles 81

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]