Firefighter av Nutsa Buzaladze
| «Firefighter» Song av Nutsa Buzaladze[1] | ||
| Land | Georgia | |
| Språk | Engelsk | |
| Utgjeve | 11. mars 2024 | |
| Lengd | 02:47 | |
| Selskap | Stop Talking | |
| Komponist | Darko Dimitrov | |
| Tekstforfattar | Darko Dimitrov | |
| Låtskrivar(ar) | Ada Satka, Darko Dimitrov | |
|---|---|---|
«Firefighter» (norsk omsetjing: brannmann) er en song frå 2024 med den georgiske songaren Nutsa Buzaladze[2]. Songen blei gjeven ut i mars 2024 og var det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Firefighter» er skriven av Ada Skitka og Darko Dimitrov.[3] Den 6. mars blei tittelen på songen, «Firefighter», offentleggjord, med songen offisielt gjeven ut fem dagar seinare.[4][5] Same dagen som songen blei gjeven ut, blei ein tilhøyrande musikkvideo gjeven ut. Musikkvideoen er regissert av Zaza Orasjvili.[6]
Den georgiske kringkastaren GPB valde Nutsa Buzaladze[7] til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2024.[8] Gjennom den interne utveljinga, vedtok kringkastaren at «Firefighter» skulle vere det georgiske bidraget.
Georgia deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai i Malmö.[9] Der enda «Firefighter» på åttandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[10][11] Dette var fyrste gongen sidan 2016 at Georgia kvalifiserte seg til finalen. I finalen enda «Firefighter» på 21. plass med 34 poeng.[12][13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Maude, James (11. mars 2024). «Georgia: Nutsa Buzaladze's "Firefighter" Out Now!». ESC United (på amerikansk engelsk). Henta 11. mars 2024.
- ↑ Bijuvignesh, Darshan (6. mars 2024). «Georgia: Nutsa Buzaladze Will Sing 'Fire Fighter' at Eurovision 2024». Eurovoix. Henta 11. mars 2024.
- ↑ Mamsikashvili, Rezo (11. mars 2024). «Georgia: Nutsa Buzaladze releases her Eurovision song "Firefighter"». Wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Henta 11. mars 2024.
- ↑ Kartozia, Marika (11. mars 2024). «Nutsa Buzaladze's official music video for Eurovision 2024 premiered». 1TV (på amerikansk engelsk). Georgian Public Broadcaster. Henta 11. mars 2024.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ «International Idol Nutsa Buzaladze to represent Georgia». Eurovision.tv (på engelsk). European Broadcasting Union. 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen den 30. januar 2024. Henta 11. mars 2024.
- ↑ Bronson, Fred (10. mai 2024). «Switzerland, Georgia, Israel & 7 More Countries Qualify for Grand Final of Eurovision 2024». Billboard (på amerikansk engelsk). Arkivert frå originalen den 16. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12. mai 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på amerikansk engelsk). Arkivert frå originalen den 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ Dobordjginidze, Elene (11. mai 2024). «Switzerland wins 2024 ESC». 1TV (på amerikansk engelsk). Georgian Public Broadcaster. Arkivert frå originalen den 13. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Georgia Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen den 15. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Firefighter (Nutsa Buzaladze-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2024.