Firnleyøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Firnleyøyane i Karahavet.
Kart over Firnleyøyane som viser Moristij og Lisjnij.

Firnleyøyane (russisk острова Фирнлея eller Ostrova Firnleja) er ei gruppe på tre øyar i Krasnojarsk kraj i Russland. Dei er dekte med tundravegetasjon med spreidde steinar langs kysten. Dei ligg i Karahavet, nær kysten av Tajmyrhalvøya i Sibir. Dei er òg ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, som er det største naturreservatet i Russland. Øyan ligg ikkje langt frå Nordenskjoldøyane og om lag 35 km frå fastlandet.

Firnleyøyane ligg i inngangen til Vilkitskijsundet frå vest. Dlinnij er den største av øyane i gruppa og er om lag 5 km lang.

Havet omkring Firnleyøyane er omgjeve av fast is om vinteren, som er lang og hard. Det omliggande havet er fylt av pakkis sjølv om sommaren, slik at øyane nærast er landfast med fastlandet det meste av året.

Firnleyøyane vart av Fridtjof Nansen kalla opp etter Thomas Fearnley, ein kjøpmann som var ein av støttespelarane til «Fram»-ekspedisjonen.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om øyane ligg relativt nær vert desse vanlegvis ikkje rekna som ein del av Firnleyøyane:

  • Moristij 76°13′N 99°22′E er ei rund, isolert øy, som ligg om lag 20 km nord for Firnleyøyane. Moristij er om lag 600 meter på tvers.
  • Lisjnij76°57′N 100°27′E ligg 35 km søraust for Juzjnij Firnleja, 16 km frå kysten. Ho er 1,3 km lang og 650 meter brei.
  • Levinson-Lessing-øya (Ostrov Levinsona-Lessinga) ligg nær kysten, 23 km nordaust for Lisjnij. Ho er 7 km lang og kalla opp etter den russiske geologen Fjodor Julievitsj Levinson-Lessing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]