Firs Zjuravlev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Firs Zjuravlev
Zhuravlev 00.jpg
Fødenamn russisk Фирс Сергеевич Журавлёв
Fødd 10. desember 1836
Saratov
Død

4. september 1901 (64 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett, sjangermåleri
Firs Zjuravlev på Commons

Firs Sergejevitsj Zjuravlev (10. desember 18364. september 1901) var ein russisk sjangermålar.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Zjuravlev var elev ved Det russiske kunstakademiet, der han studerte historiemåleri under Timofej Neff og Fjodor Bruni.[2] I 1863 blei han del av «Opprøret til dei fjorten», ei gruppe elevar som støtta realismen og protesterte mot at Kunstakademiet insisterte på klassisistisk stil. Saman med dei andre trekte han seg ut av skulen. Kort tid seinar var han med Ivan Kramskoj om å skipa Kunstnarkollektivet eller Artel, ei gruppe målarar som delte atelier og budde saman på Vasiljevskij-øya.[3] Han underviste også i teikning ved Selskapet for støtte av kunst (1866, 1871–72). Frå 1862 til 1874 blei han overvaka av politiet for påståtte band til revolusjonære grupper, kanskje på grunn av samfunnskritikken som var del av mange av avbildingane hans av bondeliv.[2]

Han hadde si fyrste utstilling ved Kunstakademiet i 1868. Seks år seinare gav ei utstilling av verka hans han tittel som akademimedlem. I 1888 og 1889 var han med på utstillingane til samansluttinga av vandreutstillingar, Peredvizjniki, men han blei aldri formelt medlem av gruppa.[4] Han tok også del i Centennial Exposition i Philadelphia i 1876, Exposition Universelle i Paris i 1889 og den All-russiske utstillinga i 1896.

I tillegg til oljemåleria sine var Zjuravlev med på å dekorera Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva[5] og Fødselskatedralen i Riga, og laga mosaikkar for Oppstodekyrkja i St. Petersburg.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Great Soviet Encyclopedia, General editor A. M. Prokhorov, Moscow 1972 Vol.9 "Евклид — Ибсен" Журавлёв Фирс Сергеевич
  2. 2,0 2,1 RusArtNet: Brief biography
  3. S. A. Ekhstut, Шайка передвижников. История одного творческого союза (The Peredvizhniki. Story of a Creative Union), Moscow, Дрофа 2008 ISBN 978-5-358-01904-1
  4. Elena Savelyeva, Такой пикантный «мрак тёмного царства» (This Piquant "Doom of the Dark Kingdom"), Radishchev Art Museum (exhibition catalog) 2003.
  5. Фирс Сергеевич Журавлев, Федеральное хранилище «Единая коллекция цифровых образовательных ресурсов» (Federal Depository of Digital Educational Resources), National Training Foundation, 2010 Arkivert 2013-04-17 ved Archive.is