Hopp til innhald

First House

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
First House
Org.formAksjeselskap
Org.nr.994575775
BransjeBransjetjenester
Skipa21. september 2009
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://firsthouse.no (norsk bokmål), https://firsthouse.no/en (engelsk)

First House er eit norsk lobbyselskap og kommunikasjonsbyrå starta i 2009. Dagleg leiar i 2026 er Jon Georg Dale. Selskapet tilbyr ei rekke forskjellige tenester innan kommunikasjon og rådgjeving, og har 53 tilsette.

Fleire viktige profilar frå norsk politikk er og har vore tilsette. Selskapet har fått kritikk for å ikkje gje innsyn i kundelister. I tillegg vert selskapet kritisert for å flytta makt frå folkevalde til privat næringsliv.

Selskapet vart starta i 2009 av Bjørn Richard Johansen, med støtte frå Per Høiby, Jan-Erik Larsen, Hans-Christian Vadseth og Bjarne Håkon Hanssen.[1][2] Selskapet tilbyr blant anna kommunikasjonstenester, rådgjeving, politisk analyse, krisehandtering, medietrening og hjelp til fusjonar og oppkjøp.[3]

Selskapet er kjend for å ha hemmelege kundelistar, noko som har skapt kontrovers. I oktober 2013, etter at Sylvi Listhaug vart utnemnd som statsråd, vart kundelistane hennar frå selskapet sett under søkjelys når dei ikkje ville offentleggjer lista etter at kontrollkomiteenStortinget kravde innsyn. Selskapet argumenterte med at kundelista var konkurransesensitiv.[4][5][6][7] First House tilråda seinare kundane å vera meir opne.[8]Tor Mikkel Wara i 2018 gjekk på som statsråd, vart dei hemmelege kundelistane igjen sett under søkjelys.

I 2014 vart selskapet kåra til årets konsulentselskap i Noreg av Konsulentguiden.[9]

I 2020, vart Anne Solsvik og First House sett under søkelys for å fiksa møte med kundar då ho var statssekretær.[10]

I 2025 hadde selskapet 53 tilsette og i 2024 nesten 150 millonar kronar i omsetjing.[11][12]

I 2025, gjekk mangeårig dagleg leiar Per Høiby av, og tidlegare statsråd Jon Georg Dale tok over. Høiby var dagleg leiar i First House frå og med skipinga.[13]

Tina Bru og Ingvild Kjerkol i 2025 gjekk over til First House var dei møtt med kritikk frå tidlegare stortingskollegaer.[14][15][16]

First House er kjend for å tilsette tidlegare politikarar som Sylvi Listhaug,[17] Tina Bru,[18] Ingvild Kjerkol,[19] Ida Lindtveit Røse,[20] Tor Mikkel Wara,[21] Jon Georg Dale,[13] Bjarne Håkon Hanssen[22] og andre.[23]

Saman med andre lobbyselskap har First House vorte kritisert for å flytta makt frå demokratiske organ til privat næringsliv. Dei som er uenige med kritikken meiner at lobbyverksemd bidreg med meir erfaring frå næringslivet.[23][24] Særleg har kontakten med Framstegspartiet vorte kritisert.[25][26]

  1. Lurås, Ragnar (19. desember 2015), «Gir seg i First House etter fem år», NRK (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  2. Campo, Christina (12. juni 2018), «Går fra John Fredriksen til First House», DN.no (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  3. «First House», firsthouse.no, henta 31. mars 2026
  4. Helljesen, Vilde (30. oktober 2013), «First House nekter innsyn», NRK (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  5. Barstad, Stine; Scanpix, N. T. B. (30. oktober 2013), «First House sier nei til innsyn i Listhaugs kundeliste», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  6. «Solberg vil ha ny vurderingav Listhaugs kundelister», E24 (på norsk bokmål), 30. oktober 2013, henta 31. mars 2026
  7. «Mener loven brytes når Listhaugs liste holdes hemmelig», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 24. oktober 2013, henta 31. mars 2026
  8. Ertzaas, Pål; Skarvøy, Lars Joakim (23. oktober 2013), «First House anbefaler kundene å være åpne», VG (på norsk), henta 31. mars 2026
  9. Hauger, Knut Kristian (26. mars 2014), «Kåret til Årets konsulentselskap», www.kampanje.com (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  10. Fjellanger, Runa (19. oktober 2020), «Slik fikset Venstre-toppen ministermøter for First House-kunder», VG (på norsk), henta 31. mars 2026
  11. «First House AS - Org.nr. 994 575 775 - Oslo - Se Regnskap, Roller og mer», www.proff.no (på norsk), henta 31. mars 2026
  12. Bendik Haug Aurdal (20. april 2025). «Utbyttefest etter comeback» (på norsk bokmål). Finansavisen. Henta 31. mars 2026.
  13. 1 2 Andresen, Frode (16. april 2025), «Jon Georg Dale har overtatt sjefsstolen i First House - Altinget», www.altinget.no, henta 31. mars 2026
  14. Aftenbladet, Foto: Pål Christensen / (11. november 2025), «Mímir Kristjánsson ut mot Tina Bru: – Hun selger seg», www.aftenbladet.no (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  15. Egelandsdal, Pontus (7. november 2025), «Ser rødt av First House-ansettelse», Nettavisen (på norsk), henta 31. mars 2026
  16. Gilbrant, Steinar Solås Suvatne, Jørgen (13. oktober 2025), «Liker ikke Kjerkols nye jobb: – Det var synd», Nettavisen (på norsk), henta 31. mars 2026
  17. Bristøl, Mona (5. desember 2011), «Frp-Listhaug til First House», E24 (på norsk bokmål), henta 31. mars 2026
  18. Torkelsen, Einar (7. november 2025), «Tina Bru går til PR-byrået First House», VG (på norsk), henta 31. mars 2026
  19. Kurseth, Hedda; Hoen, Espen Sjølingstad (13. oktober 2025), «Ingvild Kjerkol blir partner i First House», VG (på norsk), henta 31. mars 2026
  20. Fossen, Cato Husabø (23. mai 2020), «Ida Lindtveit Røse (27) frå KrF blir tidenes yngste statsråd: – Køddar du no?», NRK, henta 31. mars 2026
  21. Matre, Jostein; Haugan, Bjørn (13. oktober 2024), «Bjørnar Moxnes krever at Tor Mikkel Wara viser kundelistene fra First House», VG (på norsk), henta 31. mars 2026
  22. «Bjarne Håkon Hanssen slutter i First House», Nettavisen (på norsk), 16. juni 2016, henta 31. mars 2026
  23. 1 2 Fjellanger, Runa; Lægland, Martin; Byermoen, Tom (12. september 2021), «Svingdøren», VG Nett, henta 31. mars 2026
  24. Stavrum, Gunnar (18. februar 2026), «Nå må kortene på bordet for å avsløre politiske vennetjenester», Nettavisen (på norsk), henta 31. mars 2026
  25. Svendsen, Helle Lyng (20. juli 2025), «Rødts Frp-mareritt: Frykter Listhaug-regjering full av PR-folk», Nettavisen (på norsk), henta 31. mars 2026
  26. Kvalsvik, Per-Ivar (27. oktober 2025), «Ketil Solvik-Olsen og Ingvild Kjerkol trur på gode tider i konsulentbransjen etter valet», NRK, henta 31. mars 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]