Firth of Thames
Utsjånad
| Firth of Thames | |||
| bukt | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Firth of Thames 37°00′00″S 175°25′00″E / 37°S 175.41666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Firth of Thames | |||

Firth of Thames Mal:Lang-mi er ei stor havbukt nord på Nordøya på New Zealand. Ho er utløpet til elvene Waihou og Piako. Den førstnemnde vart tidlegare kalla Thames River, etter byen Thames som ligg på søraustkysten i bukta.
Bukta ligg i sørenden av Haurakigolfen, søraust for byen Auckland. Ho dekkjer ein graben mellom Coromandelhalvøya og Hunua Ranges som held fram inn i Hauraki Plains i sør.
Vern
[endre | endre wikiteksten]Firth of Thames er ein viktig tilhaldsstad for vadefuglar, og er rekna mellom våtmarksområde av internasjonal interesse i Ramsarkonvensjonen. Fuglelivssenteret Miranda Shorebird Centre, drive av Miranda Naturalists' Trust, ligg på vestbreidda i bukta ved Miranda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Firth of Thames» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2008.
37°00′S 175°25′E / 37.000°S 175.417°E
