Fishin' Blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fishing Blues
Singel av Henry Thomas «Ragtime Texas»
Utgjeve 1928
Innspelt Chicago, 13. juni 1928
Sjanger Texas blues
Lengd 2:44
Selskap Vocalion (1249)
Låtskrivar(ar) Chris Smith
Henry Thomas «Ragtime Texas»-kronologi 
«Bull-Doze Blues»
(1928)
Fishing Blues «Arkansas»
(1928)


«Fishing Blues» er ein bluessong skriven i 1911 av Chris Smith, som er mest kjend for «Ballin' the Jack». «Fishing Blues» vart først spelt inn i 1928 av Henry Thomas «Ragtime Texas» på vokal og gitar med ein intro og mellomspel på ei type panfløyte.[1][2] Somme seinare versjonar kalla songen «Fishin' Blues».

Songen omhandlar gledene med å fange, koke og ete sin eigen fisk, særleg mallefisk.

I 1964 vart songen henta fram att av visesongaren Mike Seeger. Dei neste fem åra vart songen spelt inn av artistar som The Holy Modal Rounders, Jim Kweskin and the Jug Band, The Lovin' Spoonful (på debutalbumet Do You Believe in Magic), John Martyn og Taj Mahal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Henry Thomas discography». wirz.de. Henta 21. mars 2019. 
  2. «1000–1500 (1926–1930)». 78discography.com. Henta 21. mars 2019.