Fisjonsspor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fisjonsspor er spor etter radioaktivitet i mineral og liknande. Dei kan mellom anna nyttast til å avgjere alder. Dei vert danna ved spalting av radioaktive isotopar i uranhaldige mineral og glas. I slike materialar vil isotopen 238U fisjonere spontant, medan fisjon av 235U kan fremkallast kunstig ved bombardement med termiske nøytron. Fisjonsfragmenta har stor kinetisk energi og kan trenge inn i omgivnadene i ein avstand av storleiksorden 10 µm. Dei lagar såleis eit «spor» i stoffet ved å øydeleggje krystallgitteret. Disse fisjonsspora kan ein gjere synlege for studium i mikroskop ved å etse stoffet med ein passande reagens. Metoden kan brukast til å finne alderen på bergartar, meteorittar og liknande ved at ein avgjer tilhøvet mellom mengder spontane og induserte fisjonsspor. Andre bruksomroåde går ut på å finne mengda av uran i ei prøve, eller fordelinga av uran mellom ulike fasar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]