Fiskarkapellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°6′39″N 10°28′45″E

Fiskarkapellet
Fiskerkapellet
Fiskarkapellet 1928 Wilse.jpeg
Fiskarkapellet fotografert i 1928. Kapellet er sidan flytt til ein annan stad på Maihaugen og takryttaren, som ikkje var opphavleg, er fjerna.
Teknikk Lafta
Material Tre
Innvigd 1459
 - Vigd til Maria møy og Heilag-Olav

Fiskarkapellet
61°6′39″ N 10°28′45″ E
Wikimedia Commons: Fiskerkapellet
Fiskarkapellet slik det står i dag, ved Breisjøen.
Foto: Jan-Tore Egge

Fiskarkapellet er eit lafta kyrkjebygg frå 1459 som står på Maihaugen i Lillehammer. Det vart opphavleg oppført på Øyra ved Gudbrandsdalslågen i Fåberg.

Etter reformasjonen vart det flytt til prestegarden i Fåberg og gjorde der nytten som stabbur til det vart kjøpt av Anders Sandvig og flytt til Maihaugen i 1896. Kapellet er det einaste bevarde norske trekyrkjebygget frå mellomalderen som ikkje er bygd i stavverk.[1]

«ANNO DOMINI MCDLIX IN CRAS[TIN]O SANCTI LAMBERTI FVIT HIC CAPELLA CONSECRATA IN HONORE SANCTE MARIE VIRGINIS ET SANCTI OLAVI REGIS ET MARTIRIS PRO MANVS DOMINI GUNARI EPISCOPUS HAMARENSIS [NEC NO)N ET PER IPSUM FUNDATA ORATE PRO ANIMA ILLIVS.»

Innskrift på nordveggen i kapellet

Byggjeåret og at kapellet var vigd til Maria møy og Heilag-Olav veit ein frå ei latinsk innskrift som er skoren i veggen på kapellet. Innskrifta fortel også at det var Hamar-bispen Gunnar som fekk kapellet reist.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]