Fiskeørner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiskeørner
OspreyNASA.jpg
Utbreiing
Utbreiinga av Fiskeørner
Utbreiinga av Fiskeørner
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Fiskeørnfamilien Pandionidae
Slekt: Fiskeørner Pandion
Savigny, 1809

Fiskeørner (Pandion) er ei slekt av haukefuglar med ein eller to nolevande artar, avhengig av taksonomisk standpunkt. IOC World Bird List listar to fiskeørnartar,[1] andre autoritetar berre ein art, fiskeørn. Pandion er einaste slekta i fiskeørnfamilien, Pandionidae. Fiskeørner har ei kosmopolitisk utbreiing, dei lever på alle kontinent unntatt Antarktis.

Det vitskaplege namnet Pandion er frå gresk mytologi. Athen hadde to kongar med namnet Pandion, ein av desse fekk eit born som blei omskapt til ein hauk.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fiskeørner er mellomstore haukefuglar, ca. 52 til 60 centimeter i kroppslengd, der hoer er monaleg større enn hannar. Karakteristisk for utsjånaden er den nær kvite undersida av kropp og venger synleg i flukt. Dei er meistrar i å stupe etter og gripe fisk med beina som sym grunt under vassoverflata.

Slekta skil seg frå rovfuglslekter av haukefuglar på ei rekke punkt. Til dømes viser beina slåande ulikskapar, generelt er fiskeørnføter store. Tærne er omtrent like lange, hos fiskeørner kan den ytre tåa peike framover eller bakover (reversibel). Byttedyret blir gripe med to tær framover og to bakover, nett som hos ugler. Klørne er lange, spisse og runde i tverrsnitt. Tærne har ei ru underside som gjer det mogleg å halde godt på glatte fiskar.[3]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

  • Fiskeørn, Pandion haliaetus, Western osprey, (Linnaeus, 1758), (LC)
Trekkfugl som hekkar i Nord-Amerika og Eurasia, overvintrar i sør, vesentleg i Sør-Amerika, Afrika sør for Sahara og Sør-Asia .
Lever på Ny-Guinea, i Australia og på øyar i sørvestre Stillehavet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 15. august 2021
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 290. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Bierregaard, R. O., A. F. Poole, M. S. Martell, P. Pyle, og M. A. Patten (2020). Osprey (Pandion haliaetus), version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.osprey.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiskeørner