Fiskefjorden i Sortlandsundet

Koordinatar: 68°34′35.7″N 15°18′51.6″E / 68.576583°N 15.314333°E / 68.576583; 15.314333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°34′35.7″N 15°18′51.6″E / 68.576583°N 15.314333°E / 68.576583; 15.314333 Fiskefjorden er ein fjordarm av Sortlandsundet på grensa mellom kommunane Hadsel og Sortland i Vesterålen. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til grenda Fiskefjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kvitnesklubben i sørvest og Rødsand i nordaust. Grenda Kvannloelva ligg på vestsida av fjorden. Det er langt færre busetnader langs austsida av fjorden, berre heilt inst og heilt ytst. Austsida er forholdsvis bratt og stig opp til 664 meter over havet ved Rødsandheia.

Riksveg 822 går langs begge sider av fjorden.