Fiskekort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fiskekort er den vanlege nemninga for ein tidsavgrensa kjøpt rett til å drive sportsfiske i ei elv eller eit vatn. Med få unnatak er det ikkje fritt fiske i vatn, elver og bekkar i Noreg, berre i nokre større innsjøar, slik at ein må ha eller skaffe seg løyve før fisket tek til. Dette vert vanlegvis gjort ved å kjøpe såkalla fiskekort av den eller dei som har rettane til fisket i det aktuelle vatnet eller elva; dette er som oftast er eigaren eller eigarane av grunnen attmed vatnet eller elva. I fleire høve har eit lag eller ein samanslutning teke over administrasjonen av fiskekortsalet, slik at ein kan skaffe seg rettar til fleire vatn og vassdrag i eit område ved å vende seg til dei.

For fiske etter laks kan det ofte vere kostesamt og vanskeleg å få seg løyve.