Fiskeridirektoratet i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiskeridirektoratet på Nordnes i Bergen

Fiskeridirektoratet er ein norsk, statleg etat, oppretta i 1900 (endra namn i 1906), med ansvar for fiskeri- og havbruksforvaltning. Etaten er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet og blir leia av fiskeridirektøren. Norsk fiskeridirektør har sida 2008 vore Liv Holmefjord.

Fiskeridirektoratet ligg i Strandgaten 229 i Bergen og har regionkontor i Vadsø, Tromsø, Bodø, Trondheim, Ålesund, Måløy og Egersund. Lokale fiskerikontor finnes i Hammerfest, Båtsfjord, Havøysund, Honningsvåg, Kjøllefjord, Vardø, Finnsnes, Skjervøy, Brønnøysund, Leknes, Sandnessjøen, Sortland, Svolvær, Rørvik, Sistranda, Fosnavåg, Kristiansund, Bergen, Florø, Kopervik, Kristiansand og Fredrikstad.

Fiskeridirektoratet er rådgivande og utøvande organ innan fiskeriforvaltninga i Noreg. Hovudoppgåva til direktoratet er planmessig å arbeide for at norsk fiskeri- og havbruksnæring blir fremma og utviklar seg til beste for dei som arbeider i næringa og slik at fiskeressursane på lang sikt gjev eit optimalt utbytte.

Direktoratet deler ut konsesjonar og løyve til å drive fiske og fører fartøyregisteret og fiskermanntalet. Det lagar reguleringsforskrifter, overvakar utviklinga i fisket, fordeler kvoter og stoppar dei einskilde fiskeria når kvotene er oppfiska. Norske farty som fiskar i andre lands soner får lisensane sine av Fiskeridirektoratet. Direktoratet er involvert i kvoteforhandlingar med andre land og deltar i internasjonale prosessar i regi av mellom andre FN, OSPAR og regionale fiskeriorganisasjonar.

Kyst- og havbruksavdelinga har ansvaret for forvaltninga av akvakulturloven. Avdelinga har tilsyn med akvakulturnæringa. Kyst- og havbruksavdelinga er overordna styresmakt i spørsmål om arealplanlegging i kystsona.

Dei eldre delane av arkivet etter Fiskeridirektoratet, opp til rundt 1985, er avlevert til Statsarkivet i Bergen.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Direktoratet er organisert i sju regionar,[1] men dette skal bli redusert til fem regionar:[2]

  • Region Nord med regionkontor i Tromsø
  • Region Nordland med regionkontor i Bodø
  • Region Midt med regionkontor i Ålesund
  • Region Vest med regionkontor i Måløy
  • Region Sør med regionkontor i Egersund

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter Stortingets beslutning hadde Indredepartementet frå 1860 ansvar for «de praktisk-videnskabelige fiskeriundersøgelser vedkommende saltvandsfiskerierne». Desse vart leida av stipendiatane Jonas Axel Boeck som utgreidde silda fram til han døde i 1873, og Georg Ossian Sars som først hadde torskeansvaret, så overtok silda fram til 1893 då Johan Hjort overtok. Alt vart i 1900 flytta til Bergen der Hjort vart leiar iNorges Fiskeristyrelse og i 1902-03 måtte handtere «kvalstriden» der hundrevis av rasande fiskarar storma ein kvalstasjon i Mehamn; dei meinte kvalen jaga bort lodda.[3] Frå 1906 vart namnet Fiskeridirektoratet og Hjort fekk tittelen fiskeridirektør. Han ga seg i 1916 etter usemje med regjeringa som hadde offentleggjort ein fiskeriavtale inngått med Storbritannia.

Fiskeridirektørar:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Organisasjonskart Arkivert 1. april 2015 på Wayback Machine.
  2. Ny regionstruktur i Fiskeridirektoratet
  3. «Kystfisket i Finnmark, en rettshistorie». 12.12.2011. 

Eksterne lenker[endre | endre wikiteksten]