Fiskhamnen metrostasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fiskhamnen (finsk: Kalasatama) er ein stasjon på Helsingfors metro. Stasjonen vart opna 1. januar 2007. Han ligg i eit område som tidlegare var Helsingfors' hamneområde, men som no vert utvikla til bustad- og kontorområde. I motsetnad til dei fleste andre stasjonar på Helsingfors' metronettverk vart Fiskhamnen bygd over eksisterande t-baneskinner, noko som gjorde bygginga av stasjonen vanskeleg.