Fister kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fister kyrkje
kyrkje
Fister kyrkje
Foto: Ztarbreaker
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Ryfylke
Sokn Fister
Fellesråd Hjelmeland
Type langkyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow
Teknikk tømra
Innvigd 1867
Kyrkjegard Fister kyrkjegard
Preikestol Preikestol av Gottfried Hendtzschel
Døypefont Av kleberstein i gotisk stil
Altartavle Altartavle frå 1626 med motivet «Nattverden» av Thomas Snikkar og Gottfried Hendtzschel
Sitjeplassar 200
Kart
Fister kyrkje
59°10′32″N 6°03′45″E / 59.1756°N 6.0625°E / 59.1756; 6.0625
Wikimedia Commons: Fister kirke

Fister kyrkje ligg på Fister i Hjelmeland kommune i Rogaland.

Dette er ei langkyrkje i tømmer, som vart oppført i 1867 med utgangspunkt i teikningane til Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Kyrkja ligg fint til på ei høgd, med vid utsikt utover Fisterfjorden og Fisterøyane i vest. Kyrkja har 200 sitjeplassar.

Kyrkja har ein del eldre inventar frå 1600-talet. I Norsk kirkeleksikon vert det opplyst at den tidlegare kyrkja eksisterte frå 1604 til den nye vert bygd i 1867, utan at fleire opplysningar kjem fram.

Motivet på altartavla er «Nattverden». Tavla er frå 1626 og er skåre av Thomas Snikkar og måla av Gottfried Hendtzschel, begge var sentrale kunstnarar i Rogaland under Stavangerrenessansen. Hendtzschel har òg laga preikestolen som er frå ca. 1630.

Døypefonten er av kleberstein i gotisk stil.

Kyrkja har diverse kyrkjesølv og har òg ei ljosekrone i messing frå den gamle kyrkja. To messehaglar er òg derfrå.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]