Fita Bayisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fita Bayisa (fødd 15. desember 1972) er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar frå Oromiaregionen. Han vann sølvmedaljen på 5 000 meter ved Tokyo-VM 1991 og tok bronsemedaljen på same distansen både under Sommar-OL 1992 i Barcelona og i Stuttgart-VM 1993.

Bayisa var den einaste som fylgde Yobes Ondieki på sisterunda på 5 000-meteren under Friidretts-VM 1991 i Tokyo, men på oppløpet var han sjanselaus mot kenyanaren. OL-sesongen 1992 imponerte Bayisa stort då han vann milløpet ved Bislett Games i Oslo på den gode tida 27.14,2 og sigra over eit sterkt felt. Under Sommar-OL i Barcelona sprang han heller svakt på 10 000 meter. På 5 000 meter var han derimot ein av fire løparar som kjempa om sigeren heilt inn til målstreken, over mål kom han som tredjemann, slått av Dieter Baumann og Paul Bitok. Året etter vann Bayisa ein ny bronsemedalje ved verdsmeisterskapen i Stuttgart, klart fråsprunge i innspurten på 5 000-meteren av Kenyas Ismael Kirui og sin eigen landsmann Haile Gebrselassie.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]