Five Hand Reel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Five Hand Reel
FIVE HAND REEL (Reading Uk 1977).jpg
Five Hand Reel i Reading i 1977.
OpphavStorbritannia
SjangerKeltisk rock
Gaughan & Lyons på konsert i Toronto september 2015

Five Hand Reel var eit skotsk/engelsk/irsk keltisk rock-band i slutten av 1970-åra som kombinerte tradisjonell skotsk og irsk folkemusikk med elektrisk rock. Medlemmane i bandet var Dick Gaughan (f. 1948), Bobby Eaglesham (1942–2004), Tom Hickland (f. 1948), Barry Lyons (f. 1950), Dave Tulloch og seinare Sam Bracken.

Bandet vart skipa i 1974 får restane av det britiske folkrockbandet Spencer's Feat. Dei fekk kontrakt med Rubber Records i 1976 og spelte inn debutalbumet Five Hand Reel. Det andre albumet, For A' That kom ut i 1977 og i 1978 kom Earl O'Moray

Seint i 1978 slutta Dick Gaughan i bandet fordi dottera vart utsett for ei bilulukke. Han vart erstatta av Sam Bracken som med den irske aksenten sin brakte med seg noko nytt, men bandet spelte berre inn eit album til, A Bunch of Fives i 1979. Bandet vart så oppløyst.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Five Hand Reel (1976)
  • For A' That (1977)
  • Earl O'Moray (1978)
  • A Bunch Of Fives (1979)

Med Alan Klitgaard[endre | endre wikiteksten]

  • Ebbe, Dagmar, Svend og Alan (1977)

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Nothing But The Best (1980)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]