Five Leaves Left

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Five Leaves Left
Studioalbum av Nick Drake
Utgjeve 1969
Sjanger Folk
Lengd 41:43
Selskap Island Records
Produsent Joe Boyd
Nick Drake-kronologi
Five Leaves Left Bryter Layter
(1970)

Five Leaves Left var det første av tre album av den britiske musikaren Nick Drake. Albumet har ingen solosongar. Drake var akkompagnert av medlemmer av den britiske folkrock-gruppa Fairport Convention. Albumet blei rangert på 85. plass da Channel 4 hadde ei undersøking for å rangere dei hundre beste albuma gjennom tidene. I 2003 kom albumet på 283. plass då magasinet Rolling Stone kåra dei 500 beste albuma nokon sinne.

Namnet på albumet skal vere frå ei melding som var inni sigarettpapiret Rizla, som åtvara folk om at det berre var fire papir igjen. Det er spekulert i om denne åtvaringa var mynta på folk som røykte marihuana, sidan ein trong fire individuelle papir for å rulle ein joint. I dag (2005) står det «There’s only 10 left» i staden for «Five Leaves Left».

Det har også vore spekulert i om namnet kjem frå O. Henry-novella The Last Leaf, der ei kvinne seier at ho kan døy lykkeleg når alle blada på treet hennar har falle. Ho seier deretter at det ikkje er lenge til det berre er fem blad igjen på treet. Samuel Beckett sitt teaterstykkje Mens vi venter på Godot, der handlinga skjer under eit einsamt tre ved ein landeveg, inneheld linja «The tree has four or five leaves».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er framførde og skrivne av Nick Drake.

  1. «Time Has Told Me» – 4:27
  2. «River Man» – 4:21
  3. «Three Hours» – 6:16
  4. «Way to Blue» – 3:11
  5. «Day is Done» – 2:29
  6. «’Cello Song» – 4:49
  7. «The Thoughts of Mary Jane» – 3:22
  8. «Man in a Shed» – 3:55
  9. «Fruit Tree» – 4:50
  10. «Saturday Sun» – 4:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Nick Drake syng og spelar akustisk gitar om ikkje anna er nemnt.

  • «Time Has Told Me»

Paul Harrispiano
Richard Thompsonelektrisk gitar
Danny Thompsonbassgitar

  • «River Man»

Harry RobinsonStrykearrangering

  • «Three Hours»

Danny Thompson – bass
Rocki Dzidzornuconga

  • «Way to Blue»

Robert Kirby – strykearrangering

  • «Day is Done»

Robert Kirby – strykearrangering

  • «’Cello Song»

Clare Lowthercello
Danny Thompson – bass
Rocki Dzidzornu – conga

  • «The Thoughts of Mary Jane»

Robert Kirby – arrangering

  • «Man in a Shed»

Paul Harris – piano
Danny Thompson – bass

  • «Fruit Tree»

Robert Kirby – arrangering

  • «Saturday Sun»

Nick Drake – piano
Danny Thompson – bass
Tristram Frytrommer og vibrafon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nick Drake
Album: Five Leaves Left | Bryter Layter | Pink Moon |
Samlealbum: Fruit Tree | Time of No Reply | Way to Blue | Made to Love Magic | Family Tree
Relaterte personar: Joe Boyd | Gabrielle Drake | Robert Kirby | John Wood