Fjälkinge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°2′33.742″N 14°16′26.044″E

Fjälkinge

Fjälkinge (tidlegare dansk: Fjelking) er ein tettstad i Kristianstads kommun i Skåne län i Sverige. Han ligg ca. 8 km aust for Kristianstad ved E22 mellom Kristianstad og Bromölla, og er det femte største tettstaden i Kristianstads kommune. I 2010 hadde tettstaden 1 690 innbyggjarar.

Tettstaden voks fram omkring jernbanestasjonen, som kom til i 1874.

Den mest kjende personen som er fødd i Fjälkinge, er Johan Henrik Thomander (17981865), professor, biskop, forfattar og representant i Svenska akademien 18551865 på stol nummer 18.

I Fjälkinge er det matvarebutikk, bank, to pizzeriaer, tannlege og frisør. Inntil 1985 var det òg postkontor, brannstasjon og jernbanestasjon i Fjälkinge, institusjonar som etter kvart har blitt nedlagt.

Fjälkinge skule har no elevar frå første til niande klasse, etter at skulen blei utbygd i 1996. Tidlegare blei elevar overført til andre skuler i kommunen når dei byrja i 7. klasse. Skulen har eigen idrettshall, fotballbane og basketballbane.

Fjälkinge kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Fjälkinge kyrkje er bygd på slutten av 1100-talet i romansk stil. Kyrkja har eit eige museum som viser ulike gjenstander frå historia til kyrkja. Museumet held ope etter gudstenester eller etter avtale.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Humleslingan brosjyre)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Boken om Fjälkinge av Paul Pennlöw (1986)
  • Boken om Fjälkinge II — Byn genom tida av Paul Pennlöw (1992)