Fjågesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjågesund
bygd
Utsikt frå Ånås mot Fjågesund og Bergstod
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kviteseid
Postnummer 3850 KVITESEID
Kart
Fjågesund
59°18′11″N 8°41′39″E / 59.30314°N 8.694096°E / 59.30314; 8.694096
Wikimedia Commons: Fjågesund

Fjågesund er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Namnet Fjågesund tyder «det vakre, blide sundet».[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjågesund ligg ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatn i nordvest til Flåvatn i søraust. Bygda er med det plassert om lag midtvegs ved Telemarkskanalen. Til Fjågesund reknast normalt også Bergstod, eit område som strekkjer seg langs sørsida av det vestlege Flåvatn.

Eit landemerke i bygda er den 300 meter høge og nær loddrette fjellveggen vest i bygda, ein del av fjellet Ånås.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år. Det eldste oldtidsfunnet i bygda, som òg er det eldste i Kviteseid kommune, er ei tynnakka flintøks. Denne øksa har vorte datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. I tillegg er det funne ei skaftholøks, noko som tyder på jordbruk i alle fall frå bronsealderen av.[2]

Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken hans og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 - 550 e.Kr. eller endå tidlegare. Garden var i eldre tid den største i heradet, og strakte seg opphavleg frå Kviteseid i vest til Tørdal i sør. Blant anna blei truleg Kviteseid gard og Kviteseid gamle kyrkje bygd på grunn frå Fjågesund. Til dei eldste gardane i bygda høyrer òg Østenå, som ligg på motsett side av sundet frå Fjågesund gard. Østenå kan ha blitt utskild frå Fjågesund i løpet av vikingtida.[2] På denne garden har same slekta vore busett i minst 350 år.[3]

Fjågesund har ei eiga kyrkje, innvia i 1916. I bygda var det òg skule fram til 2007 og ein landhandel som var i drift til 2010. Frå 1883 til 1991 var det òg eit postkontor i bygda, som då hadde postnummeret 3852 Fjågesund.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola, red. (1976). Norsk stadnamnleksikon. Oslo: Samlaget. s. 110. ISBN 8252105440. 
  2. 2,0 2,1 Olsnes, Aanund (1987). Kviteseid bygdesoge III. Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1820. Kviteseid kommune. ISBN 8299159806. 
  3. Bakken, Olav (1962). Kviteseid bygdesoge II. Gardssoga. Kviteseid: Eige forlag. s. 67. 
  4. «Fjaagesund poståpneri på KulturNav.org». Henta 19. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]