Fjære i Aust-Agder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ikkje langt frå Fjære kyrkje

Fjære var ein tidlegare kommune i Aust-Agder fylke, no ein del av Grimstad kommune. Fjære var sjølvstendig kommune frå 1846 til 1971.

Frå 1837 til 1846 var Fjære ein del av Øyestad formannskapsdistrikt saman med Froland, Hisøy og Øyestad.

  • 1. januar 1878 vart ein ubebygd del av Fjære overført til Grimstad.
  • 1. januar 1960 vart enno ein del av Fjære med 344 innbyggjarar overført.
  • 1. januar 1971 vart landkommunen Fjære og Landvik slegne saman med Grimstad til den noverande Grimstad kommune.

Ved Fjære kyrkje er ei minnetavle over Henrik Ibsens diktfigur Terje Vigen.