Fjærland ferjekai
| Fjærland ferjekai | |||
| Kategori | Nedlagd ferjekai | ||
|---|---|---|---|
| Underkategori | Enkel kai | ||
| Opna | 1974 | ||
| Som del av | Balestrand-Hella-Fjærland | ||
| Tilknytt | Fylkesveg 5617 | ||
| Stad | Fjærland | ||
| Kommune | Sogndal | ||
| Fylke | Vestland | ||
| Nedlagd | 1994 | ||
| Erstatta av | |||
![]() Fjærland ferjekai 61°24′07″N 6°44′20″E / 61.401900954155°N 6.7389574380289°E | |||
Fjærland var den største veglause fjordbygda i dåverande Sogn og Fjordane fylke fram til ny ferjekai og sambandet Balestrand-Hella-Fjærland opna 15. mai 1974. Den nye kaia overtok for den hundre år gamle dampskipskaia som låg om lag 400 meter unna, på nordsida av Fjærland kyrkje.
I 1986 opna ny Riksveg 625 med Fjærlandstunnelen mellom Fjærland ferjekai og Skei i Jølster, og med dette vart ferjesambandet ein sentral del av den nye heilårlege hovudvegen mellom Indre Sogn og Fjordane i åtte år framover. For i 1994 opna ny veg og tunnelar mellom Bøyaøyri og Sogndalsfjøra som del av nye Riksveg 5, og sambandet vart nedlagd.
Ferjekaia står i dag relativt intakt, men oppstillingsplassen og området rundt har i dei seinare åra vore brukt til lagring av massar tilknytt anleggsarbeid.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Finn Borgen Førsund (1998). Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja forlag. s. 101. ISBN 82-91722-04-8.
- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 83. ISBN 978-82-91722-93-1.
Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
