Fjærland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fjærland sokn)
Fjærland
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Postnummer 6848 FJÆRLAND
Kart
Fjærland
61°24′08″N 6°44′19″E / 61.402222222222°N 6.7386111111111°E / 61.402222222222; 6.7386111111111
Wikimedia Commons: Fjærland

Fjærland er eit sokn og ei bygd i Sogndal kommune i Vestland fylke og ligg på begge sider av inste delen av Fjærlandsfjorden, som er ein arm av Sognefjorden.

Mundal
Foto: Matt Sachtler
Norsk bremuseum
Bøyabreen
Utandørs salgshylle i Den norske bokbyen i Mundal
Foto: Eduardo

Fjærland ligg ved foten av Jostedalsbreen, omgjeve av høge fjell, og hadde lenge ikkje anna samband med omverda enn med båt. Dette forandra seg då dagens Riksveg 5 vart vidareført i tunnel til bygda i 1986. Jostedalsbreen nasjonalpark er lettast tilgjengeleg i Fjærland (Sogndal kommune), og i Jostedalen (Luster kommune), og breen er godt synleg frå Riksveg 5. Ein kan òg gå på guida breturar ved å kontakte bremuseet. Norsk bremuseum ligg ved fjordbotn, medan Mundal hotell og Fjærland kyrkje ligg kring to kilometer lenger ute på vestsida av fjorden, i Mundal. I Mundal har det sidan 1995 òg vore bokby.

Mange turistar kjem til Fjærland i sommarhalvåret for naturopplevingar, blant dei i mange år Walter Mondale, som hadde eit spesielt tilhøve til staden sidan besteforeldra hans kom frå bygdesenteret Mundal. Det var han som opna Fjærlandstunnelen. Mange cruisebåtar er innom Fjærland.

Ved folketeljinga i 2001 budde det 284 personar i Fjærland delområde. Dei var fordeld på 145 i Indre Fjærland grunnkrins, 128 i Mundal grunnkrins og 11 i Ytre Fjærland grunnkrins.[1]

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Ved skipinga av formannskapsdistrikta i 1838 høyrde Fjærland til Leikanger. I 1850 vart Leikanger deld i to og Fjærland høyrde frå då til den nyoppretta Balestrand kommune.[2] Slik var det i 150 år til år 2000 då området etter ei folkerøysting vart overført til Sogndal kommune.[3]

Fjærland kyrkjesokn[endre | endre wikiteksten]

Fjærland er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er ei kyrkje i soknet, Fjærland kyrkje frå 1861 i Mundal. Dagens kyrkje erstatta ei tømra kyrkje frå kring 1610. Før det stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet på garden Bøyum fire kilometer nordom Mundal.[4] Frå 1850 til 2000 høyrde soknet til Balestrand prestegjeld, og fram til 1861 heitte det Mundal sokn. Før 1850 høyrde Fjærland til Leikanger prestegjeld.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]