Hopp til innhald

Fjør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av ei kvit fjør.
Sjå òg fjør (fleirtyding).

Fjør er ein type keratinutvekst frå huda som ein i dag finn på fuglar. Fjørene er ein føresetnad for at fuglen skal kunne flyga, men fungerer også som varmeisolering, vern mot vatn, gjev farge som kan brukast til skjul og kommunikasjon, og pryd. Fjører med ulike føremål har ulik oppbygging, frå store og stive konturfjør til små, mjuke dun.

Fjørene er eit avleidd fellestrekk som kjenneteiknar fuglar, og som ikkje finst på noko anna nolevande dyr. Dei fleste fuglar har ei fjørdrakt som dekker heile kroppen, bortsett frå føtene, nebbet og rundt auga.

Måke i flukt syner fram ulike fjørtypar.

Oppbygging

[endre | endre wikiteksten]
Delane av ei fjør:
1. Fjørfane (Vexillum)
2. Fjørskaft (Rachis)
3. Fjørstrålar (Ramus)
4. Bifane
5. Fjørpose (Calamus)

Kvar fjør veks inni ein røyrforma utvekst som sit fast i ein fjørsekk i huda. Når fjøra er ferdig utvaksen sprekk røyret og fell av. Lengst ned mot fjørsekken sit fjørposen calamus. Frå denne går fjørskaftet, som fjørstrålar går ut frå på begge sider. På fjørstrålene igjen sit det mindre bistrålar som har små hakar som hekter seg inni nabobistrålane. Dette gjer at fjørstrålane sit saman og dannar ei plan yte, ei fjørfane. Dei nedste bistrålane manglar ofte hakar og ter seg derfor meir som dun som ikkje heng saman. Nokre fugletypar, til dømes strutsefuglar, har ikkje bistrålehakar nokon stad, og har dermed dunaktige fjører overalt.

Det finst to hovudtypar fjører:

  • Dun, fjør med kort fjørpose, veike eller ingen skaft og ingen fane fordi dei ikkje har bistrålar. Dun er lette og luftige og sit stort sett over heile kroppen. Dei er særleg tydelege på fugleungar som ikkje har utvikla konturfjører endå.
  • Konturfjører, dei store fjørene som ein mellom anna finn i vengene og stjerten. Konturfjørene er utforma på ulikt vis etter funksjon og kva stad dei sit på kroppen.
    • Kroppsfjører er like breie på kvar side av margen (stilken) og er litt dunete ved basis (nedst) av fjøra.
    • Vengefjører er smalare enn kroppsfjørene på eine sida av margen og manglar den dunete basisen.
    • Halefjører er like breie på kvar side av margen, og varierer mykje i lengd mellom ulike artar. Desse fjørene kan brukast til å styra med i lufta på same måte som ror i vatn. Spettefuglar bruker dei til å støtta kroppen når dei sit på loddrette trestammar. Fleire fuglar har også særs iaugefallande halefjører som blir brukt til å få seg ein make, til dømes høns, lyrehalar og påfuglar.

Elles finst det særskilde fjørtypar tilpassa ulike funksjonar, som bustfjører og pudderfjører.

Fjørene i vengen.

Ordforklaring:
mindre täckare = skulderdekkfjør
mellersta täckare = små vengedekkfjør
större täckare = armdekkfjør
alula = veslevengen
handtäckare = handdekkfjør
tertialer = gøymarar (skjulere på bokmål)
armpennor = armsvingfjør
handpennor = handsvingfjør

Svingfjører er lange stive fjører som dannar mesteparten av bereflata i vengen. Dei er delte inn i

  • handsvingfjører, òg kalla primærfjører, er 9-12 fjører festa til fuglehanda som bidreg til framdrift, og
  • armsvingfjører, sekundærfjører, rundt 10-15 fjører festa til underarmen og gjev mykje bereflate

Dekkfjører er festa oppe på vengen. Frå toppen finn ein små armdekkfjører, midtre armdekkfjører og armdekkfjører. Under desse sit veslevengen (alula), ei lita grupper fjører som blir brukt ved flyging under låg fart.

Tre fjører som sit på vengen nærast kroppen blir kalla tertialar.

Ulike fjører frå nøtteskrikje (Garrulus glandarius).

Stjerten er bygd opp av ytre halefjører, som er lange, stive og rette. Han har øvre og undre stjertdekkfjører.

Dekkfjørene på stjerten og vengen dekker holrom mellom skafta på hovudfjørene.

Kvitkinnskjeggfugl (Megalaima viridis) med bustfjører rundt nebbet.
Foto: L. Shyamal

Fjører elles

[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike delane av fuglekroppen er dekte av ulike fjørtypar. På hovudet og halsen sit det små fjører og dun og på ryggen mellom vengene sit det ryggfjører. På undersida finn ein halsfjører, brystfjører og bukfjører, medan sidene har sidefjører.

Nokre fuglar har særskilde fjører rundt nebbet eller auga. Til dømes har gaukar stive hårfjører utan dundusk, bustfjører, rundt auga medan ugler har ein fjørkrans kalla slør. Svaler og flugesnapparar har vêrhårliknande bustfjører ved rota av nebbet som gjer at dei kan kjenna om det er insekt i nærleiken.

Pudderfjører løyser seg opp i eit fint pulver i endane som fuglar så dekker resten av fjørdrakta med ved hjelp av nebbet. Dette tek vare på fjørdrakta, og er eit alternativ til feittet som blir skild ut i gumpkjertelen til andre fugleordenar.

Ulike fjører.
Nærbilde av ei fjør viser fargeendringa i lyset som følgje av mikrostrukturen hennar.

Ulike pigment kan gje i fjører fargar og mønster. Melanin i ulike mengder gjev brune og svarte fargar. Fuglar har to melanintypar, eumelanin som gjev svarte, grå og mørkebrune fjører og feomelanin som gjev raudbrune fjører i høg konsentrasjon medan låg konsentrasjon kan gje gulbrune til nesten kvite fjører. Begge typar melanin saman kan gje gråbrune fargar. Fjørene kan få raud og oransje farge gjennom karotinoid som fuglane kan få i seg gjennom føda, det best kjende er flamingoane sin raudlege farge som dei får ved å eta små krepsdyr. Gjennomskinleg keratin over svart pigment kan gje visse blå og grøne fargar. Fjører utan pigment er kvite.

Mange fargar i fjørdrakta er derimot ikkje skapt av pigment, men gjennom lysinterferens skapt av mikrostrukturen i vridde eller flate bistrålar. Skimrande og glinsande fargar er ein effekt av slik interferens. Nokre matte, klare fargar blir skapte gjennom små luftlommer i bistrålane som bryt lyset slik at berre ein del av lysspekteret blir reflektert. Fargar skapt på denne måten er ofte grøne, blå, lilla eller nesten svarte. Berre fargar skapte gjennom interferens er metallskimrande.

Svarttrost med delvis leucisme.
Foto: Armin März

Fargeavvik

[endre | endre wikiteksten]

Albinisme, ein total mangel på melanin, finst også i fuglar. Fuglane får då ein heilt kvit fjørdrakt og raude eller rosa auge.

Leucisme er ein total eller delvis mangel av eumelanin eller feomelanin i fjørene. Til forskjell frå albinoar har leucittiske fuglar normalfarga auge, og kan finnast i delvise tilstander der ein fugl har nokre kvite område og andre med normal farge.

Melanisme er ein forhøgd konsentrasjon av melanin, anten av eumelanin (som er vanlegast) der fuglen blir svart, eller av feomelanin, der fuglen blir raudbrun.

Nedsett kvalitet av eumelanin kan også gjera ein normalt svart fugl brun. Fjørene er også meir vare for sollys, og kan bleikast beige eller grå. Denne mutasjonen i melaninproduksjonen er mykje meir utbreidd i hoer enn i hannar, den einaste fargemutasjonen som er kjønnslenka hjå fuglar.

Opphav og funksjon

[endre | endre wikiteksten]
Modell som viser korleis ein fjørkledd Deinonychus-dinosaur kan ha sett ut.
Foto: Aaron Gustafson

Det finst ulike tankar om korleis fjører utvikla seg. Lenge meinte ein at dei hadde utgangspunkt i hudskjel hjå nokre dinosaurar. Seinare fossilfunn tyder på at fjørene snarare utvikla seg frå hole, hårliknande utvekstar. Dei opphavlege fjørdraktene var bygde opp av dun, og var truleg hovudsakleg varmeisolerande. Dei kan også ha vore brukt for å tiltrekka seg makar og utvikla seg gjennom seksuell seleksjon. Dei eldste fossila med fjører hadde liknande fjørdrakt på fram- og baklemmene og den lange halen, medan dei forsvann frå bakbeina i seinare utviklingstrinn.

Det er funne fossil av fjørkledde dinosaurar som ikkje kunne flyga, så dette kan ikkje ha vore den opphavlege funksjonen til fjørene. I staden meiner ein at duna gradvis blei lengre og hjelpte til ved glideflukta til fugleforfedrar med hudmembranar liknande dei flygeekorn har i dag. Dei primitive fjørene fekk skaft og fane og blei etter kvart til viktige hjelpemiddel i flyginga.

Klippehopparpingvinar med isolerande fjørdrakt og typiske fjørduskar på hovudet. Pingvinen til høgre myter.
Foto: Ben Tubby

Seinare har fjører vidareutvikla seg til å utføra andre oppgåver. Brystfjørene til nokre fuglar er til dømes vassabsorberande, slik at dei kan bera vatn over lange avstandar. Fjører kan endra konturen til ein fugl, som å gjera han straumlinjeforma ved flukt eller oppblåst for å imponera eller skremma. Ein del fuglehannar har utvikla iaugefallande prydfjører som til dømes er svært lange eller fargerike og blir brukt for å trekka til seg maker. Samstundes har fjørene halde på den opphavlege funksjonen med å isolera varme. Dei er særs effektive når det gjeld å binda luft, slik at lufta til dømes blir verande i fjørdrakta til pingvinar når dei dykkar.

Vengefjører overlappar kvarandre delvis slik at ein veng som rører seg oppover kan sleppa gjennom luft ved at fjørene opnar seg. Når fuglen slår vengen nedover igjen, sluttar fjørene seg mot kvarandre slik at vengen blir tett. Lufta blir pressa nedover og fuglen får fart framover.

Fjørdrakt og vedlikehald

[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra av livet har fuglar ulike fjørdrakter, frå dundekte fugleungar til juvenil og seinare vaksen (adult) fjørdrakt. Det er forskjell på kor lang tid det kan ta å få vaksen fjørdrakt. Mange fuglar har også ulike fjørdrakter tilpassa ulike årstider.

Skiftet mellom fjørdrakter går føre seg gjennom myting som kan skje årvisst, typisk ein eller to gonger i året, og i visse periodar i livet til fuglen. Fuglane feller fjørne gradvis slik at dei ikkje får nakne flekkar. Nokre av dei mister flygeevna under mytinga, andre held på henne gjennom ei gradvis felling. Utskiftinga av fjører gjer at slitne fjører kan fornyast. Ei utnappa fjør vil erstattast av ei ny kva tid som helst på året.

Fuglar pussar og steller fjørene sine med nebb og klør for å halda på dei aerodynamiske, vassavstøytande og isolerande eigenskapane deira. Dei ordnar kvar av bistrålane for seg for å sikra at fjøra er tett og har rett form. Mange fuglar bruker eit vassavstøytande sekret frå gumpkjertelen ved byrjinga av halen til å pussa fjørene, andre dannar vernande pulver av pudderfjører. Dei kan fjerna skit og parasittar med nebbet, eller bada fjørene i sand eller vatn.

Maorimann med to halefjører frå huiafuglen på hovudet og ei kappe laga av fjører.

Menneskeleg bruk av fjører

[endre | endre wikiteksten]

Fjører har ei rekke bruksområde, både praktisk, som pynt og symbolsk.

Praktisk bruk

[endre | endre wikiteksten]

Fjører er både mjuke og gode til å isolera, og blir ofte brukt til sengeklede som dyner og puter og i madrassar. Dei kan også brukast til å fora vinterklede og soveposar. Særleg gåsedun har vore mykje brukt til dette, ettersom dei lett fyller seg med luft igjen etter å ha vore samanpressa. Edderdun er også oppskatta som fjørfyll.

Ein finn fjører på ulike bruksområde, som i flugefiske, der dei kan brukast til å laga «fluger», eller i pilskyting der dei gjev pila stabilitet i lufta. Tidlege badmintonballar blei laga med fjører på. Store fjører er lenge blitt brukt til å laga fjørpennar.

Fjører er brukt i ulike seremonielle eller symbolske gjenstandar, som draumfangarar og fredspiper.

To pataxoindianarar med fjørskrud under ein demonstrasjon i Brasil i 2006.
Foto: Valter Campanato/ABr
Portrett frå 1830-talet av den bayerske ministerfrua Therese von Schenk med hatt pryda av strutsefjører.

Med sine sterke fargar og spesielle struktur har fjører lenge vore brukt som pynt på hovud og klede. Ei rekke folkegrupper har brukt fjørskrud til å markera makt og stilling. Urfolk i fleire delar av verda er kjende for utstrekt bruk av fjører, men ein finn dei også i vestleg samanheng. Militærhjelmar er blitt pynta med fjørduskar kalla panasjar medan «fjør i hatten» var brukt som symbol av jegerar og jegersoldatar før det blei ein talemåte.

Fjørboaer og vifter er ofte blitt laga med fjører. Ved slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet var hattar med flott fjørpynt på moten i Europa og Nord-Amerika, og etterspørselen etter fjører førte til stor skade for fuglar med praktfjører, som hegrar. Fasan-, påfugl- og strutsefjører er nokre fjørtypar som har vore mykje brukt til fjørpynt.

Aztekarar med fjører i ein trommeseremoni, avbilda i Florentinarkodeksen frå 1500-talet.

Fjører i kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Særskilde fuglar og fjørene deira har hatt viktig kulturell og religiøs tyding. Der fuglar har ein særskild status, har ofte fjørene deira det òg. Til dømes er ørna særs viktig for fleire amerikanske urfolk i Canada og USA, og i sistnemnde land er ørnefjør verna av ein lov, 50 CFR 22 eller «eagle feather law», som seier at berre registrerte medlemmer av indianarstammar kan eiga ei viss mengde fjører. Påfugl har ein særskild status i indisk tradisjon, og påfuglfjører blir brukte til pynt og i seremoniar. I europeisk tradisjon er dei derimot ofte rekna som ulukkesbringande.

I mytologi og folketru finn ein både magiske enkeltfjører og fjørkledde fabeldyr, som griff, sfinks, quetzalcoatl og dyr som hestar og oksar med venger. Menneskefigurar, som englar, blir ofte framstilte med fjørkledde venger. Den egyptiske gudinna Isis kunne visast med venger, og fjøra var eit symbol på orden og sanning i samband med livet etter døden i det gamle Egypt.

I gresk mytologi flaug Daidalos saman med sonen Ikaros gjennom å klistra fuglefjører til akslene. Soger om Jostedalsrypa fortel at det voks fjører på ryggen hennar etter å ha lege i ei fjørseng.


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fjør