Fjørtoftfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjørtoftfjorden er ein fjord på langs kommunegrensa mellom Haram og Sandøy kommune. Han ligg nord for øya Fjørtoft i Haram på Sunnmøre og vest og sør for Harøya og Uksnøya i Sandøy kommune i Romsdal.

I vest dannar ei rad av holmar og skjer overgangen mot Norskehavet og frå her strekkjer han seg om lag 7 km søraustover til Harøyfjorden. På det djupaste er fjorden 40 meter.

Bygda Myklebust ligg ved fjorden heilt sør på Harøya, og frå her går det ferje til Kongsneset på Fjørtoft på andre sida. Frå begge stadane går det ferje sørover til Dryna og Brattvåg. Koordinatar: 62°43′41.912″N 6°23′45.971″E