Fjøsanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fjøsanger, gnr. 16 i Bergen (Fana), er eit område i Fana bydel i Bergen, i tidlegare Fana kommune. Fjøsanger ligg ved foten av fjellet Løvstakken og den nordlege enden av Nordåsvatnet.

Området er dominert av små hus og innfartsåra til Bergen frå sør (over Fjøsangervegen). På Fjøsanger ligg Gamlehaugen i sør og den gamle Reperbanen i nord. Store delar av Fjøsanger er dominert av ein firefelts motorveg, ein del av Europaveg 39.