Fjelberg prestegard
Utsjånad
| Fjelberg prestegard | |||
| | |||
| Stad | Kvinnherad kommune | ||
|---|---|---|---|
![]() Fjelberg prestegard 59°44′17″N 5°42′26″E / 59.738152777778°N 5.7071222222222°E | |||
Fjelberg prestegard i Kvinnherad kommune ligg like inntil Fjelberg kyrkje, på nordsida.
Kyrkja og garden har røter attende til mellomalderen. Garden er fyrste gong omtala i 1561. Bygningane er frå tidleg 1700-tal eller seinare. Ti bygningar er freda. Av desse står seks rundt tunet: hovudbygning, bispestove, stabbur, bakeri, vedskjul og utedo. Det finst òg m.a. ein driftsbygning og eit par naust.
Den tidlegare prestegarden drivast av ei stifting og vert nytta til møte, seminar, overnatting o.a.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stiftelsen Fjelberg prestegard. 1997.
- Fjelberg prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
