Fjell-Ljom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjell-Ljom
TypeVekeavis
(vert gjeven ut torsdagar)
FormatTabloid
Oppretta1886
Første trykkJanuar 1886
MålformBokmål
Lokalavis forRøros
EigarskapAS Avisdrift (100%)
Opplag2 421 (2014) 
Redaksjonskontor
Postnummer7374
StadRøros
Ansvarleg redaktørJon Høsøien  (2006)
NettstadFjell-ljom.no

Fjell-Ljom er ei norsk avis. Ho kjem ut kvar torsdag på Røros i Trøndelag fylke. Nettoopplag i 2004: 2155.Utgjevar er A/S Avisdrift, der den gamle erkerivalen Arbeidets Rett er største akjonær. Ansvarleg redaktør er Jon Høsøien.

Avisa var eit av dei mest vidgjetne organ for det gamle Venstre. Grunnlagt i 1886 var det fyrst talerøyr for radikale Venstre, og i 1905 markant for republikk, men vart frå første verdskrig det mest uforsonlege organet i striden mot ei arbeidarrørsle som i på Røros både var radikal og revolusjonær. Ilsken over dette hang lenge igjen i Arbeidarpartiet. Då avisas gamle medarbeidar Johan Falkberget i 1945 stilte som medredaktør, vart han einast berga frå eksklusjon ved å godta tittelen «for folkeopplysning J.F.». Før det var mellom anna Ivar Sæter og Rasmus Steinsvik redaktørar. Medarbeidaren med lengst fartstid var nok Eystein Eggen d.e., som gjennom nesten sytti år bidrog med prosa og lyrikk. I dag er dei gamle avislokala på pæler ute i Hyttelvas kalde stryk minne om eit eldfullt organ.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 2 155
2005 2 268
2006 2 474
2007 2 358

2009 2 326
2010 2 282
2014 2 421

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.