Fjell kyrkje i Hordaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°19′51.697″N 5°4′32.462″E

Fjell kyrkje
kyrkje
Fjell kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Vesthordland
Sokn Fjell
Fellesråd Fjell
Arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe
Innvigd 28. august 1874
 - Endringar Rest. 1961–62, påb. 1972
Klokker 2, Laxevaags Værk (1874)
Kyrkjegard Ja
Preikestol (1874)
Døypefont (1874)
Altartavle Glasmåleri i korvindauga
Orgel Verschueren (1996)
Sitjeplassar 700
Wikimedia Commons: Fjell kyrkje
Altarskåp i Fjell kyrkje

Fjell kyrkje er ei langkyrkjeSotra, i Fjell kommune i Hordaland fylke. Kyrkja vart teikna av arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe og oppført av byggmeister Ole Syslak. Ho har 700 sitjeplassar.[1] Interiøret vart endra i 1961–62, og i 1972 fekk kyrkja ei tverrfløy med kyrkjelydshus (ark. Torgeir Alvsaker og Einar Vaardal-Lunde).

Interiør og inventar[endre | endre wikiteksten]

Glasmåleri i korvindauga fungerer som altarbilete. Motivet er krossfestinga. Måleria rundt korbåga vart laga av Bjørn Tvedt i 1962. Preikestolen og døypefonten er på alder med kyrkja. Kyrkja fekk nytt orgel i 1996 (opus 1060 frå Verschueren).[2] Dei to klokkene er støypte av Laxevaags Værk.

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Ei stavkyrkje vart riven før 1686, då ei tømmerkyrkje er omtala. Tømmerkyrkja fekk nytt skip i 1795 og stod så til dagens kyrkje vart oppført.[3] Eit altarskåp frå 1400-talet vart oppdaga i 1962 og restaurert. I dette er det sett inn eit altarbilete (nattverden) måla av O. Berenthardus til gamlekyrkja i 1843. Altarskåpet heng på eine langveggen i kyrkja.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kyrkjesøk
  2. Verschueren Orgelbouw — Opuslijst
  3. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Hordaland fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 138–139.
  4. Lotsberg og Langeland (1999), s. 15.