Fjellfiol
Utsjånad
| Fjellfiol | |
Fjellfiol | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Vierordenen Malpighiales |
| Familie: | Fiolfamilien Violaceae |
| Slekt: | Fiolslekta Viola |
| Art: | Fjellfiol V. biflora |
| Vitskapleg namn | |
| Viola biflora | |
Fjellfiol (Viola biflora) er ei plante i fiolfamilien. Arten er utbreidd i Eurasia og det vestlege Nord-Amerika. Planta vert kring 7 cm høg og har veik stengel, tynne gulgrøne blad og ein eller eit par gule blomstrar. Fjellfiolen blomstrar kring juli månad på fuktige stader til fjells. Han veks i alle fjelltrakter i Noreg, og også ned i låglandet. Planta er funnen opp til 1500 meter over havet i Jotunheimen.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fjällviol» frå Wikipedia på svensk, den 25. april 2011.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.