Hopp til innhald

Fjellkurle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellkurle

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt:Chamorchis
Art: C. alpina
Vitskapleg namn
Chamorchis alpina
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrikt fjellterreng
Utbreiing: nordlege Europa, Alpane. Karpatane

Fjellkurle (Chamorchis alpina) er ei plante i fjellkurleslekta Chamorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Fjellkurle er ei lita plante, som berre blir om lag 10 centimeter høg. Planta har blomar i grønt eller brunt i eit lite aks, som kan minne om ei lita grønkurle. Ved bakken veks det ein krans av smale blad rett opp, slik at dei når opp til eller over blomane.

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Fjellkurle er den einaste arten i slekta.[1]

Fjellkurle veks på kalkrik grunn i fjellet, gjerne på reinrosehei. Eit sørleg utbreiingsområde omfattar dei nordlege delane av Jotunheimen, Trollheimen og Dovrefjell nord til Snåsa. Lenger nord er planta meir vanleg, og veks frå Hattfjelldal til Varangerhalvøya.[2] Frå 2021 er ho komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[3]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn dvärgyxne)[4] og i Finland (EN, finsk namn tunturiorho).[5] I Tyskland er arten (tysk namn Zwergorchis) svært sjeldan, men rekna som livskraftig (LC, ungefährdet).[6] I Polen finst arten (polsk namn potrostek alpejski) berre i Tatrafjella heilt i sør og er rekna som sterkt truga (EN, zagrożony).[7][8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 «Artsdatabanken: Artsopplysningar fjellkurle». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
  2. «Artskart: Fjellkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
  3. «Raudlista: Fjellkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022.
  4. «Artfakta: Dvärgyxne Chamorchis alpina». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022.
  5. «LAJI: Chamorchis alpina». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022.
  6. «Die Roten Listen: Farn- und Blütenpflanzen (Tracheophyta)». Bundesamt für Naturschutz. Henta 22. juli 2026.
  7. «Flora Polski». atlas-roslin.pl. Henta 22. juli 2026.
  8. «Potrostek alpejski». Przyroda Dolnego Śląska. Henta 23. juli 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]