Hopp til innhald

Fjellkvitkurle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellkvitkurle


Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Pseudorchis
Art: P. straminea
Vitskapleg namn
Pseudorchis straminea
(Fernald) Soják
Økologi
Habitat: kalkrik grasmark
Utbreiing: Eurasia

Fjellkvitkurle (Pseudorchis straminea) er ei plantekvitkurleslekta Pseudorchisorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fjellkvitkurle er ei lita gulgrøn plante som kan blir om lag 20 centimeter høg. Planta har små kvite blomar med tredelt leppe i eit smalt aks. Dei tre flikane på leppa er jamstore.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Fjellkvitkurle var tidlegare knytt til slektsnamnet Leucorchis,[2] men blir no rekna til slekta Pseudorchis.[3][4] Fjellkvitkurle og den nære slektningen kvitkurle har til tider vore rekna som eigne artar under dei to slektsnamna, til andre tider som underartar, då med fjellkvitkurle som underarten ssp. straminea.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg veks fjellkvitkurle helst på gammal beitemark og slåttemark i høgareliggjande område.[5] Planta er i raudlistevurderinga (2021) rekna som livskraftig (LC).[6]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn fjällyxne),[7] i Finland (VU, finsk namn tunturivalkokämmekkä),[8] på Færøyane (sjáldsom, færøysk namn hvitgult hjúnagras),[9][10], på Island (LC, islandsk namn hjónagras)[11][12] og på Grønland (LC, dansk namn satyrblomst, grønlandsk namn isigammaasat).[13]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Fjellkvitkurle kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Gymnadenia conopsea × Pseudorchis straminea). Han er registert nokre stader i Noreg[14] og i Sverige.[15]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar fjellkvitkurle». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  2. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 734. ISBN 82-521-3754-7. 
  3. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 915–917. ISBN 978-82-521-6029-1. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre fjellkvitkurle». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  5. «Artskart: Fjellkvitkurle, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2022. 
  6. «Raudlista: Fjellkvitkurle». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2022. 
  7. «Artfakta: Pseudorchis straminea fjällyxne». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  8. «LAJI: Pseudorchis straminea». LAJI.FI. Henta 5. mars 2022. 
  9. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  10. Føroya náttúra. Lívfrøðiligt margfeldi. Tórshavn: Føroya Skúlabókagrunnur. 2006. s. 223. ISBN 99918-0-407-2. 
  11. «Hjónagras. Pseudorchis straminea». floraislands.is. Henta 6. mars 2022. 
  12. «Pseudorchis straminea». Global Biodiversity Information Facility. Henta 5. mars 2022. 
  13. «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 5. mars 2022. 
  14. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  15. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × Pseudorchis straminea brudsporre × fjällyxne». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]