Fjellpryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellpryd
Fjellpryd
Fjellpryd
Status
Status i Noreg: NT Nær truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Fjellprydfamilien Diapensiaceae
Slekt: Diapensia
Art: Fjellpryd D. lapponica
Vitskapleg namn
Diapensia lapponica

Fjellpryd (Diapensia lapponica) er ein planteart i fjellprydfamilien. Han er ein lågtveksande, puteforma dvergbusk med sirkumpolar utbreiing.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fjellpryd er ein låg (til 5 cm), tett tuva fjellplante med svært tettsitjande, lêraktige blad. Blada er spatelforma og boga. Om vinteren blir dei mørkeraude. Blomane er klokkeforma, radiærsymmetriske og femtalige. Dei er ganske store, 8–16 mm. Fargen er gulkvit. Blomstringa er ofte tidleg slik at ho ikkje blir lagd merke til av fjellvandrarar. Frukta er ein kapsel med tre rom og mange små frø. Ein har tradisjonelt skilt mellom to underarter, ssp. lapponica i den amerikanske og europeiske bestanden, og ssp. obovata med litt større og meir langskafta blad i den asiatiske bestanden. Den siste er no gjerne skild ut til ein eigen art, D. obovata.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fjellpryd veks sirkumpolart i Nord-Amerika, Nord-Europa og austlege Asia. Ein finn han på vindutsette stader som hovudsakleg er snøfrie.[1] I Noreg er han vanleg på rabbar i fjellet opp til 1600 m frå Jotunheimen og nordover. Sør for Jotunheimen er det berre nokre spreidde førekomstar.

Fjellpryd er rekna som nær truga i Norsk raudliste for 2021.[3] Det er mykje som tyder på at fjellpryd krever mykje kulde for å setja frø og at det kan gå mange år mellom kvar gong dette skjer. Undersøkingar frå svensk Lappland tyder på at det ikkje har skjedd noka nyetablering av plantar over ein femårsperiode. Derfor er det grunn til å tru at fjellpryd kan vera utsett for temperaturstiging.[4]

Dyrkning[endre | endre wikiteksten]

Entusiastar freistar frå tid til annan å dyrka fjellpryd, men dette blir sett på som svært vanskeleg. Planten trivst dårleg med varmen i låglandet.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «fjellpryd». Store norske leksikon (på norsk). 21. januar 2023. 
  2. «Diapensia lapponica subsp. obovata (F.Schmidt) Hultén», www.worldfloraonline.org, henta 28. mai 2023 
  3. Fjellpryd i Artsdatabanken. Besøkt 28. mai 2023.
  4. Bulletin of the Alpine Garden Society vol. 71 side 95 John Birks Alpines and Extremes
  5. Bulletin of the Alpine Garden Society vol. 61 no. 1 side 71 Francis Ferns "Diapensias"
  6. Johannes Lid: Norsk Flora, Det Norske Samlaget, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]