Fjellsamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fjellsamer er ei tidlegare nemning for samar som dreiv reindriftsnaufjell i delar av året.[1] Dette var til forskjell frå skogsamar, som verka heile året i skogområde, og kystsamar, som verka kring kystane i Nord-Noreg og Kolahalvøya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fjellsamar er nemnde i skattelister på 1500-talet. I 1585 skreiv lappfogden i Lule og Pite lappmarker, Olof Andersson Burman: «Men de andra som ingen fisk ränta förmältes i årliga längden kallas fjällappar, havande det namnet därav att de bo uppe i fjällen uti bergsskrevor, och komma till inga sjöar med mindre deras nabor granlapparna vele godvilligt efterlåta dem fiska med sig.» Granlappar var det gamle ordet for skogsamar.[2]

Tidleg på 1600-talet kunne omgrepet fjällapp også brukast om samane som betalte skatt til både Sverige og Noreg, ettersom dei var aktive på fjellryggen mellom dei to landa, medan granlappar berre betalte skatt i Sverige.[3]

I prestemeldingar frå 1670-åra som blei sende til Johannes Schefferus i Uppsala og fungerte som kjeldemateriale for verket Lapponia, finn ein den eldste meir detaljerte informasjonen om livet til fjellsamane. Samuel Rheen skreiv om korleis fjellsamane levde «allena under tjäll och pauluner, dem de föra vart de vilja, och uppslå dem där deras boskap kunna bekomma föda och bete» (modernisert staving). Fjellsamane var altså nomadar utan fast bustad. Rheen spesifiserer også at desse tjäll eller telta var av kalveskinn, og at rike fjellsamar også hadde et innertelt av blaggarn (linrottekstil).

I ei anna prestemelding skreiv Nicolaus Lundius at fjellsamane i Ume Lappmark reiste til marknadsplassen i Lycksele rundt trettandedag. For å koma dit måtte dei passera områda til granlapparna (skogsamane), og ba så om løyve til å jakte villreinen der og la tamreinen beita i skogane. Ifølge Lundius tok mange skogsamar inn ti fjellsamar, som fikk bli der til vårfrudagen.

Ifølgje Lundius hadde fjellsamane stor rikdom i form av både rein, sølv og kopar, i motsetning til dei fattige skogsamane.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «fjellsame». Store norske leksikon (norsk bokmål). 13. desember 2017. Henta 2. april 2020. 
  2. Lundmark, Lennart: Uppbörd, utarmning, utveckling: det samiska fångstsamhällets övergång till rennomadism i Lule lappmark., Lund 1982, Arkiv avhandlingsserie 14, s. 43–44. 
  3. Wiklund, K.B.; J.K. Qvigstad: Dokument angående flyttlapparna m.m., Renbeteskommissionen af 1907, Kristiania 1909, s. 229. 
  4. Berättelser om samerna i 1600-talets Sverige, Kungl. Skytteanska Samfundets Handlingar nr 27, Umeå [1671] 1983.