Fjellsporvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellsporvar
Fjellsporv, Montifringilla nivalis, bilete frå Gornergrat i Dei sveitsiske alpar Foto: Doc Searls
Fjellsporv, Montifringilla nivalis, bilete frå Gornergrat i Dei sveitsiske alpar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Sporvefamilien Passeridae
Slekt: Fjellsporvar Montifringilla
Brehm, 1828

Fjellsporvar utgjer fugleslekta Montifringilla. Dette er sporvar i familien Passeridae. Som det engelske namnet 'snowfinches' og det vitskaplege namnet Montifringilla ymtar om, er dette artar som lever til fjells, og som finst i fjellkjedene i Eurasia, frå Pyreneane i vest, austover til Himalaya, Tibet og vestlege Kina.[1]

Skildring og økologi[endre | endre wikiteksten]

Fjellsporvar er tettvaksne sporvar 13,5 til 17 centimeter i lengd, med sterkt koniske nebb. Dei har lysebrun overside, kvit underside og omfattande kvite felt i vengene, noko som kjem til syne i flukt. Vaksne individ kan ha svarte teikningar på haka eller rundt auga. Kjønna er vanlegvis svært like, sjølv om den hannen av arten fjellsporv har eit karakteristisk grått hovud. Fjørdrakta åt ungfuglar er ein gråare versjon av drakta til dei vaksne.[2]

Dei har enkle, gjentakande tema i songen, gjeve frå ein stein eller under forseggjorte flyging i sirklar. Ropa er enkle 'sjipp' eller liknande.[3]

Dei fleste artar av fjellfinkar hekkar i høgder på over 3500 meter, men arten fjellsporv kan ein finne frå 1800 meter og oppover. Desse hardføre fuglane lever berre på grassletter i ope fjellterreng. Fjellsporvar er ikkje trekkfuglar, men kan vandre ned til lågare høgder eller menneskeleg busetjing om vinteren, og då er desse særs selskaplege fuglar som dannar store flokkar. Fjellsporvar søkjer primært føde på bakken og er frøetarar, sjølv om dei òg et små leddyr, spesielt i hekkesesongen. Dei er vanlegvis fryktlause, og vil beite rundt alpinanlegg, menneskeleg busetjing og avfallshaugar.[2]

Dei hekkar i steinsprekker, eller meir typisk i hòla laga av gnagarar, og endå oftare av pipeharar. Den typiske storleiken på kullet er 3-6 egg.[4]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Montifringilla-sporvar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Clement et al. (1993)
  2. 2,0 2,1 Cramp (1977), Clement et al. (1993), Svensson et al. (1999)
  3. Clement et al. (1993), Lei et al. (2005)
  4. Clement et al. (1993), Svensson et al. (1999)
  5. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]