Fjelltettegras
Fjelltettegras | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Familie: | Blærerotfamilien Lamiales | |
Slekt: | Pinguicula
L. | |
Art: | P. alpina | |
Vitskapleg namn | ||
Pinguicula alpina |
Fjellettegras (Pinguicula alpina) er ein 10 cm høg plante med lysgrøne blad i rosett og eit snautt blomsterskaft med kvite blomstar.
Bladoverflata er innsmurt med slim som inneheld enzym slik at plantene kan fordøye insekt som set seg fast i slimet. Planten kan så nyttiggjere seg næringsemne frå dei rotnande insekta.
Fjelltettegras veks på fuktige, kalkrike stader i fjellet i frå Tynset og Os til Oppdal, Haltdalen og Brekken, dessutan i Hattfjelldal, og vanlegare frå Saltdaltil Sør-Varanger. I Sverige veks han i Gotland, i Härjedalen og frå Åsele Lappmark til Torne Lappmark.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Tettegrasplantar har vore bruka til produksjon av tettemjølk, ei form for konservering av mjølk. Ein la 30-40 tettegrasblad nedst i eit kjørel, og helte kuvarm mjølk over. Etter ei stund vart mjølka seig, slik at ho ikkje skilde seg i myse og ostestoff.
Namnet[endre | endre wikiteksten]
Fjelltettegras har namnet tettegras fordi blada frå tettegrasartane har vore bruka til å lage tettemjølk, og er som elles fordi det er ein fjellplante.
Det latinske namnet kjem av Pinguis ’feit’, og siktar til blada som skin feittaktig. Alpina tyder ’fjell’.
Kjelder:[endre | endre wikiteksten]
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]
- Vanleg tettegras Pinguicula vulgaris
- Dvergtettegras P. villosa