Fjellveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellveronika
Fjellveronika
Fjellveronika
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Maskeblomfamilien Plantaginaceae
Stamme: Veroniceae
Slekt: Veronikaslekta Veronica
Art: Fjellveronika V. alpina
Vitskapleg namn
Veronica alpina

Fjellveronika er ei fjellplante som veks på fuktig mark. Ho er å finne på enger, ved snølege og ved bekkar, og blomstrar kring juni månad. Planta har ei amfi-atlantisk utbreiing.

Dei små blomane er mørkeblå av farge. Dei er samla i ein liten klase i toppen av stengelen, som er opprett frå ein kort krypande del. Fjellveronika har ovale, heile motsette blad som oftast er glatte. Frukta er ein kapsel. Ved mogning vert både kapselen og heile fruktstanden blå.

Fjellveronika er nokså vanleg i alle fjellstrøk i Noreg. Planta er funnen opp til 2000 m.o.h. i Jotunheimen. Planteslekta har namn etter helgenen Veronica.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
  • Leif Ryvarden (red.) Norges planter 2. Oslo 1993