Fjellvettreglane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ut på tur, men: «Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.»

Fjellvettreglane er råd for ferdsel i fjellet som blir gjevne ut av Noregs Raude Kross og Den Norske Turistforening (DNT).

Råda vart laga og tekne i bruk etter ei rekke ulukker som skjedde påska 1950. DNT og Noregs Raude Kross gav etter dette ut brosjyren «Respekt for fjellet» og «De 9 fjellvettreglene» for å førebygge ulukker.[1]

I 2016 vart Fjellvettreglane oppgradert for fyrste gong sidan dei kom ut i 1950. Dei nye reglane er laga med eit meir tidsaktuelt språk og inkluderer mellom anna omsyn til fare for snøskred i fjella og utrygg is.[2] I 2015 kom Fjellvettreglane for fyrste gong ut med tekst på nynorsk.[3]

Fjellvettreglane (frå 2016)[endre | endre wikiteksten]

  1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.[2]
  2. Tilpass turen etter evne og forhold.[2]
  3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.[2]
  4. Ver førebudd på uvêr og kulde, også på korte turar.[2]
  5. Ta med naudsynt utstyr for å kunna hjelpa deg sjølv og andre.[2]
  6. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.[2]
  7. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.[2]
  8. Vend i tide, det er inga skam å snu.[2]
  9. Spar på kreftene og søk ly om naudsynt.[2]

Fjellvettreglane (frå 1950 til 2016)[endre | endre wikiteksten]

  1. Legg ikkje ut på langtur utan trening.[3]
  2. Meld frå kvar du går.[3]
  3. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane.[3]
  4. Vær rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.[3]
  5. Lytt til erfarne fjellfolk.[3]
  6. Bruk kart og kompass.[3]
  7. Gå ikkje åleine.[3]
  8. Vend i tide, det er inga skam å snu.[3]
  9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]