Fjerding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar, sjå Fjerding (fleirtyding)

Ein fjerding var i mellomalderen ei administrativ eining, ofte fjerdedelen av eit prestegjeld eller fjerdedelen av eit futesokn. Ordet kjem frå norrønt fjórðungr, som tyder 'fjerdedel'.

Fjerdingane vart hovudsakleg bruka av dei verdslege styremaktene, blant anna ved inndeling av skattedistrikt.

Nemninga har i somme område overlevd heilt opp til vår tid. Tilsvarande kan områdeinndelinga frå mellomalderen falle saman med moderne områdegrenser eller kommunegrenser.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.