Fjernstyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fjernstyring er styring og kontroll av eit utstyr frå ein annan stad enn der utstyret er. Styringa kan skje ved bruk av elektriske eller optiske signal, eller ved hjelp av mekaniske, pnevmatiske eller hydrauliske overføringssystem.

Typisk eksempel i fly er autopilot (hydraulisk), regulering av kjøleluftopninga i motoren (mekanisk eller elektrisk), bremsar (pnevmatisk eller hydraulisk). I elektriske anlegg bruker ein fjernstyring i stor utstrekning for igangsetting og kontroll av maskiner og apparat.

I dagleglivet bruker ein fjernstyring av til dømes fjernsynsapparat og ulike hobbygjenstandar (som modellfly og -bilar) ved hjelp av ein fjernkontroll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]